Diskobukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
69°22′49.127″N 51°50′0.58560″W
Diskobukta er eit havområde som ligg innanfor øya Disko (Qeqertarsuaq), på vestkysten av Grønland. Ho er den største opne bukta på Vest-Grønland, med ei lengd på 150 km frå nord til sør og 100 km aust til west. Gjennomsnittdjupna er 400 m og gjennomsnittstemperaturem i vatnet er 3,5 °C. Om vinteren er han nede i −1,75 °C, og om sommaren stig han til 12 °C.[1] Although, this is changing, as it has been gradually warming up since 1997.[2] Ilulissatfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste, munnar ut i Diskobukta.
Nord for busetnaden Ilulissat og vest for Alluttoqøya går bukta over til Sullorsuaqsundet, som skil Qeqertarsuaq frå Nuussuaqhalvøya.[3] I sør er kystlina komplisert av fleire skjer og småøyar i Aasiaat-arkipelaget. Qasigiannguit og Ilimanaq er dei største busetnadane i søraustdelen, like sør for utløpet av Ilulissat isfjord.

Remove ads
Soge
Det er usikkert kva tid inuittar fyrst la ut i Diskobukta, men Saqqaqkulturen var på staden mellom 2400 og 900 f.Kr.[4]
Området rundt Diskobukta blei oppdaga av europearar då Eirik Raude grunnla den norrøne busetninga på Grønland. Bukta skal då ha vore folketom. Vesterbygd, som blei fråflytta på slutten av 1300-talet, utgjorde den viktigaste bastionen for kvalrossfangsten som var hjørnesteinen i den norrøne eksportøkonomien frå Grønland i mellomaldern. Seglasen frå Austerbygd og Vesterbygd til fangstfelta i Diskobukta der kvalrossen heldt til, er som den frå Oslo til Finnmark. Drivis gjer farvatnet farleg; isfjellet som seinare senka «Titanic» kom herfrå.[5]

På fastlandssida av Diskobukta ligg mellom anna byane Ilulissat, Qasigiannguit og Aasiaat, og på Diskoøya ligg Qeqertarsuaq (Godhavn).
Remove ads
Dyreliv

Vatnet i bukta er næringsrikt, og ho husar bentiske og pelagiske fiskar som lodde (Mallotus villosus) og torsk (Gadus morhua). Dette trekk til seg selar som grønlandssel (Pagophilus groenlandicus), klappmyss (Cystophora cristata), ringsel (Pusa hispida) og storkobbe (Erignathus barbatus).[1]
Om våren husar bukta grønlandskval (Balaena mysticetus), knølkval (Megaptera novaeangliae),[6] grindkval (Globicephala melas), spekkhoggar (Orcinus orca) og narkval (Monodon monoceros).[1] Det finst også ulike fuglar som måke, terne, ærfugl, lomvi, krykkje, skarv og havhest. På land rundt bukta finst det også polarrev, polarhare og rype.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads