Distrikt i Ungarn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit distrikt (ungarsk járás, fleirtal járások) er ei administrativ inndeling i Ungarn. Landet er delt inn i 19 fylke (vármegye)[b] i tillegg til hovudstaden (főváros) Budapest,[3] og dei 19 fylka er vidare delte inn i 174 distrikt, medan Budapest er delt inn i 23 bydistrikt (kerület).

Fram til 2013 var fylka delte inn i underregionar (kistérség).
Med grunnlag i lov XCIII/2012[4] og regjeringsdekret 218/2012[5] blei det oppretta 175 distrikt, men Polgárdi distrikt blei oppløyst frå 1. januar 2015 og fordelt på distrikta Enyingi og Székesfehérvár,[1] slik at talet på distrikt no er 174.
Innanfor kvart distrikt er busetnadene delt inn i fire typar:
- byar med fylkesrettar[6] er hovudseta i kvart fylke og nokre få andre byar
- byar
- store landsbyar
- landsbyar
Remove ads
Oversyn
Distrikta i Ungarn fordelte på fylke:[7]
Bács-Kiskun fylke
Baranya fylke
Békés fylke
Borsod-Abaúj-Zemplén fylke
Csongrád-Csanád fylke
Fejér fylke
Győr-Moson-Sopron fylke
Hajdú-Bihar fylke
Heves fylke
Jász-Nagykun-Szolnok fylke
Komárom-Esztergom fylke
Nógrád fylke
Pest fylke
Somogy fylke
Szabolcs-Szatmár-Bereg fylke
Tolna fylke
Vas fylke
Veszprém fylke
Zala fylke
Remove ads
Merknader
- Polgárdi distrikt (nummer 7 i Fejér fylke) blei oppløyst frå 1. januar 2015 og fordelt på distrikta Enyingi (3) og Székesfehérvár (9).[1]
- Polgárdi distrikt blei oppløyst frå 1. januar 2015 og fordelt på distrikta Enyingi og Székesfehérvár.[1]
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads