Administrativ inndeling i Ungarn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den administrative inndelinga av Ungarn er stadfesta gjennom lov XCIII/2012[1] og regjeringsdekret 218/2012[2] med verknad frå 1. januar 2013 med nokre få seinare endringar.[3]
Landet er delt inn i 19 fylke (vármegye)[a] i tillegg til hovudstaden (főváros) Budapest.[5] Dei 19 fylka er vidare delte inn i 174 distrikt (járás),[6] medan Budapest er delt inn i 23 bydistrikt (kerület). Fram til 2013 var fylka delte inn i 173 underregionar (kistérség).
Innanfor kvart distrikt er busetnadene delt inn i fire typar:
- byar med fylkesrettar[7] er hovudseta i kvart fylke og nokre få andre byar
- byar
- store landsbyar
- landsbyar
Remove ads
Statistiske regionar
Ungarn er òg delt inn i statistiske regionar (ungarsk statisztikai régió) utan administrative funksjonar. Sju regionar blei oppretta med grunnlag i lov 1996/XXI med seinare endringar i lov 1999/XCII.[8][9] For statistiske føremål er regionane samla i tre storregionar på NUTS 1-nivå.
Merknader
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads