Distriktet Mitrovica
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Distriktet Mitrovica[b] er eit av dei sju distrikta som kommunane i Kosovo er grupperte i. Distriktet omfattar sju kommunar. I folketeljinga i 2024 blei det registrert 173 642 innbyggjarar, men offisielle estimat legg til grunn eit samla folketal for distriktet på 190 591.[1]
Remove ads
Historie
Det noverande distriktet Mitrovica fell saman med det tidlegare distriktet Kosovska Mitrovica i den autonome regionen Kosovo og Metohija under serbisk styre.
Med utgangspunkt i lov nr. 03/L-041 av 02.06.2008[5] vart den nordlege delen av byen skild ut som ein eigen kommune, Nord-Mitrovica i 2013, stadfesta av Ministeriet for lokal administrasjon 16. mai 2014. Den nye kommunen omfatta òg dei to busetnadene Suhodoll i Epërm (serbisk Горњи Суви До, Gornji Suvi Do) og Suhodoll i Poshtëm (serbisk Доњи Суви До, Donji Suvi Do).[6]
Nord-Mitrovica vart då, til liks med Leposavić, Zubin Potok og Zvečan mellom dei ti kommunane i Kosovo med serbisk fleirtal.[7]
Remove ads
Busetnader
Dei største busetnadene i distriktet var:
Remove ads
Merknader
- På grunn av boikott av folketeljinga i 2024 i somme av dei nordlege kommunane, er folketala for kommunane Leposavić, Nord-Mitrovica, Zubin Potok og Zvečan offisielle estimat.
- På grunn av omfattande boikott av folketeljinga i 2011 i somme av dei nordlege kommuane, er det ikkje registrert noko folketal for Leposavić, Nord-Mitrovica, Zubin Potok og Zvečan. Tala for desse kommunane og busetnadene i dei er offisielle estimat for 2011.[4]
- På grunn av boikott av folketeljinga i 2024 i somme av dei nordlege kommuane, er dei registrerte folketala for busetnadene Leposavić og Nord-Mitrovica mykje for låge. Det er utarbeidd estimat på kommunenivå for kommunane Leposavić, Nord-Mitrovica, Zubin Potok og Zvečan, og det vil òg bli utarbeidd estimat for folketala i busetnadene.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads