Nord-Mitrovica

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nord-Mitrovica
Remove ads

Nord-Mitrovica (serbisk Ceвepнa Митровица, Severna Mitrovica; albansk Mitrovicë Veriore eller Mitrovica e Veriut) er ein by og ein kommune i distriktet Mitrovica i Kosovo. I folketeljinga i 2024 blei det registrert 2 326 innbyggjarar, men offisielle estimat legg til grunn eit samla folketal for kommunen på 7 920.[1]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Med utgangspunkt i lov nr. 03/L-041 av 02.06.2008[2] vart den nordlege delen av byen Mitrovica i 2013 skild ut som ein eigen kommune, stadfesta av Ministeriet for lokal administrasjon 16. mai 2014. Den nye kommunen omfatta òg dei to busetnadene Suhodoll i Epërm (serbisk Горњи Суви До, Gornji Suvi Do) og Suhodoll i Poshtëm (serbisk Доњи Суви До, Donji Suvi Do).[3]

Nord-Mitrovica vart då ein av ti kommunar i Kosovo med serbisk fleirtal.[4]

Remove ads

Busetnader

Folketeljinga i 2011 vart boikotta i kommunen,[5] men etter det offisielle estimatet reknar ein at kommunen hadde 12 326 innbyggjarar i 2011.[6] For 2024 er utarbeidd estimat på kommunenivå for kommunen Nord-Mitrovica, og det vil òg bli utarbeidd estimat for folketala i busetnadene.

Meir informasjon Folketal 2011 (Offisielt estimat), Folketal 2024 (Folketeljing) ...
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads