Diyala guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Diyala guvernement (arabisk محافظة ديالى, romanisert Muḥāfaẓah Diyālā) er eit guvernement aust i Irak.
Remove ads
Geografi
Diyala guvernement strekkjer seg nordaustover frå Bagdad og heilt til grensa til Iran. Hovudstaden er Baqubah. Guvernementet dekkjer eit område på 17 685 kvadratkilometer.
Ein stor del av provinsen vert drenert av Diyala, ei stor sideelv til Tigris. Fordi det er to store vasskjelder i provinsen, er hovudnæringa i Diyala jordbruk, hovudsakleg dadlar i store lundar. Den største olivenlunden i Midtausten ligg i guvernementet.[2] Det vert òg rekna som appelsinsenteret i Midtausten. Hamrinfjella går gjennom guvernementet.
Remove ads
Population
I dag bur det kring 1,2 millionar innbyggjarar i provinsen. Nesten halvparten av sunnimuslimane er jaga ut av provinsen, etter å ha vore i fleirtal under Saddam Hussein, og utgjer i dag kring 25 % av folkesetnaden i guvernementet. I motsetnad har Feyli-kurdarar som vart deporterte frå omrdået frå 1960 til 1990-åra av sunni-styresmaktene i Bagdad, kome attende. Det same har andre kurdarar. Dei dominerer no heile Khanaqin-distriktet og alle andre som grensar til Iran i provinsen. I dag utgjer dei kring 30 % av folkesetnaden, etter å ha vore så få som berre 7 % av innbyggjarane under Saddam Hussein.
Remove ads
Distrikt
Diyala guvernement består av seks distrikt:[3]
Byar og landsbyar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads