Djouce
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Djouce (irsk Dioghais, tyder ‘forskansa høgd’) er eit fjell nordaust i Wicklowfjella i County Wicklow i Republikken Irland. I vest ligg Sally Gap; i aust ligg Roundwood/Calary Bog-platået.
Elva Dargle har sitt utspring på den nordlege sida, nær kjelda til elva Liffey i Featherbeds. Dei renn på kvar si side av vasskiljet, Liffey renn vestover og Dargle austover. Powerscourtfossen, den høgaste fossen på Irland, ligg på austsida av fjellet.
Djouce ligg ovanfor botnsjøen Lough Tay i sørvest.
Dei sørlege og austlege fjellsidene er skogkledde opp til og over 650 meter over havet, hovudsakleg med sitkagranplantasjar. Når desse trea vert snauhogd har ein planlagd å plante naturleg tre i området.
Remove ads
Galleri
- Vestsida
- Djouce frå søraust
Sørsida av Djouce sett frå toppen av White Hill i mai 2006
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Djouce» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
- Wicklowfjella nasjonalpark Arkivert 2007-02-09 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads