Wicklowfjella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wicklowfjella (irsk Sléibhte Chill Mhantáin) er ei fjellkjede søraust i Republikken Irland. Ho inneheld mellom anna dei nordlege Dublinfjella og går hovudsakleg frå nord til sør frå sør i County Dublin gjennom County Wicklow og inn i County Wexford. Lugnaquilla er det høgaste fjellet med ei høgd på 925 meter over havet, Mullaghcleevaun med 847 moh er det nest høgaste. Fjellet Kippure er det høgaste punktet i County Dublin med 757 moh.
Elva Slaney har sitt utspring sørvest for Lugnaquilla og renn så sørover langs vestsida av fjella i 72 km før ho munnar ut i Irskesjøen ved Wexford.
Dublinarne går mykje på tur i området, særleg i helgene, og fjella er eit populært rekreasjonsområde som vert nytta til fiske, rafting og fjellturar. Midt i fjella ligg klosterbusetnaden Glendalough, som ein meiner vart grunnlagd av St. Kevin. Her ligg òg Powerscourtfossen, det høgaste fossefallet på Irland.
Den sørlege grensa til Wicklowfjella er sett ved fjellet Croghan, det høgaste punktet på grensa mellom Wicklow og Wexford, og den einaste staden på Irland der ein opplevde gullfeber på 1800-talet.
Remove ads
Høgaste toppar
Dei ti høgaste toppane i Wicklowfjella er:
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wicklow Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads