Do You Want to Know a Secret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Do You Want to Know a Secret?» er ein song av den engelske rockegruppa The Beatles frå albumet Please Please Me i 1963, sungen av George Harrison. I USA var songen den første songen med Harrison på vokal som gjekk inn på Topp 10 på singellista, då han nådde andreplassen på Billboard-ista i 1964.
Remove ads
Komposisjon
«Do You Want to Know a Secret?» vart skriven hausten 1962, hovudsakleg av John Lennon, men tilskriven Lennon–McCartney.[1] Versjonen frå 1963 av Billy J. Kramer and the Dakotas (som nådde andreplassen i Storbritannia) er tilskriven «McCartney-Lennon». Songen var inspirert av «I'm Wishing»,[2] ein melodi frå Walt Disney-filmen Snow White and the Seven Dwarfs frå 1937, som mor til Lennon, Julia, song til han som barn. Dei første to linjene i songen i Disney-filmen («Want to know a secret? Promise not to tell?») kom rett etter opningsteksten («You'll never know how much I really love you... You'll never know how much I really care...»).[3][4] McCartney har sagt at «dei skriv songen likt om likt» for Harrison til å syngje,[5] medan Lennon i 1980 sa at han skreiv songen aleine og fann ut då songen var ferdig at han høvde best for Harrison.[6]
Remove ads
Innspeling
I 1980 sa Lennon at han gav «Do You Want to Know a Secret?» til Harrison fordi songen «berre hadde tre notar og han er ikkje den beste songaren i verda», men la til «han har kome seg mykje sidan den gongen».[4] Songen vart spelt inn i løpet av ei ti timar lang innspeling den 11. februar 1963 i lag med ni andre songar for Please Please Me.[7] Harrison song to songar på Please Please Me — denne av Lennon–McCartney og «Chains» av Goffin/King. «Don't Bother Me» var den første songen Harrison skreiv for Beatles, og kom ut på det neste albumet, With The Beatles.[8]
Remove ads
Singelutgåva
«Do You Want to Know a Secret?» kom ut på singel eit år seinare på Vee-Jay i USA, den 23. mars 1964, og nådde andreplassen bak ein annan Beatles-song, «Can't Buy Me Love» på Billboard-lista, og tredjeplassen på Cash Box-lista. I USA var dette den mest suksessrike Beatles-songen som Harrison song på, fram til «Something» nådde toppen av singellista i 1969.
Medverkande
- George Harrison – solovokal, akustisk gitar (høgre kanal)
- John Lennon – akustisk gitar (venstre kanal), korvokal
- Paul McCartney – bass, korvokal
- Ringo Starr – trommer
Lydteknikar var Norman Smith
Salslister og salstrofé
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Billy J. Kramer-versjonen
The Beatles-versjonen kom aldri ut på singel i Storbritannia, der ein versjon av Billy J. Kramer with the Dakotas (i lag med «I'll Be on My Way», Parlophone R5023, 26. april 1963)[15] nådde andreplassen på Record Retailer-lista og førsteplassen på NME-lista (nytta av Radio Luxembourg) og BBC si Pick of the Pops-liste. Songen kom òg ut på albumet Little Children. Han nådde åttandeplassen på den irske singellista.
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
Alvin and the Chipmunks spelte inn songen i 1964 for albumet The Chipmunks Sing the Beatles Hits.[18]
Songen nådde toppen av Billboard-lista igjen i 1981 og andreplassen i Storbritannia med ein versjon av Stars on 45, som spelte songen som ein del av ein medley.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads