Dollar Days
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Dollar Days» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Det er det sjette sporet på det 25. og siste studioalbumet til Bowie, Blackstar, som kom ut 8. januar 2016. Songen var skriven av Bowie, og vart produsert av Bowie og Tony Visconti. «Dollar Days» gjekk inn på singellistene i fleire land, mellom andre i heimlandet Storbritannia, der han nådde 128. plassen.
Remove ads
Komposisjon
«Dollar Days» vart spelt inn utan at det vart laga ein demo for han på førehand.[1] I følgje Donny McCaslin, som spelte saksofon på Blackstar, «Ein dag plukka berre David opp ein gitar ... han hadde denne vesle ideen, og me berre lærte oss songen der og då i studio.»[2]
Mottaking
«Dollar Days» fekk positive meldingar frå kritikarane. Mike Powell i Pitchfork kåra songen til «Beste nye song» og samanlikna songen med dei eldre songane «Five Years» og «Ashes to Ashes» av Bowie.[3] Jody Rosen i Billboard kalla songen «herleg» med ein tekst som kombinerte «finkjensle og klapring».[4]
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads