Dombås

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dombås
Remove ads

Dombås er eit sokn og ein tettstad i Dovre kommune, nørdst i Gudbrandsdalen i Oppland i Innlandet fylke.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Dombås sokn

Domåsgrendi og Blestergrendi høyrde opphavleg til Lesja sokn, men i 1861 blei dei overflytta til Dovre sokn[1]. Etter etableringa av jernbanen og den etterfølgjande folkeauken på Dombås kom ønske om eiga kyrkje og i 1939 blei Dombås kyrkje vigsla. I seinare år har Dombås også blitt utskilt frå Dovre som eit sokn for seg sjølv, med om lag 1 410 innbyggjarar (2013). Soknegrensa går omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.

Remove ads

Dombås tettstad

Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine 1 163 innbyggjarar per 1. januar 2024 den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårene mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.

Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.

Thumb
Dombås kyrkje
Thumb
Dombås stasjon
Meir informasjon Folketalsutvikling i Vågåmo ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads