Don't Break Me
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Don't Break Me» (norsk omsetjing 'ikkje knekk meg') er ein popsong frå 2020 framført av den australske artisten Montaigne. Songen vann den australske songtevlinga Eurovision – Australia Decides 2020 og skulle ha vore det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Remove ads
Om songen
Montaigne har fortalt at songen omhandlar «nok er nok-fasen» i eit forhold, der den eine parten følar at den legg ned meir kjensler, energi og krefter i forholdet enn det den andre personen gjer. Dette fører til at den fyrste vert frustrert og sint.[2] «Eg skreiv songen medan eg las Codependent No More av Melody Beattie, som verkeleg skildrar kvalitetane og kjenneteikna rundt dynamikkane i eit forhold».[3][4]
«Don't Break Me» var eitt av ti bidrag i Eurovision – Australia Decides i Gold Coast i Australia laurdag 8. februar 2020, arrangert av den australske kringkastaren SBS. Montaigne opptredde med blått hår, klovnesminke og ein klovnekrage.[4][5] Songen vann juryavrøystinga og vart nummer to i telefonavrøystinga, men vann tevlinga samanlagt med 107 poeng.[4] Gjennom sigeren vart songen det australske bidraget til Eurovision Song Contest, og skulle ha delteke i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020.[6] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads