Montaigne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Montaigne
Remove ads

Jessica Alyssa Cerro (fødd 14. august 1995 i Sydney), betre kjend under artistnamnet Montaigne, er ein australsk songar og låtskrivar. Montaigne skulle ha representert Australia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Don't Break Me», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. Ho skal i staden representere Australia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Technicolour».[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Cerro vart fødd i Sydney i 1995 og voks opp i Hills-distriktet. Ho har argentinsk, filippinsk, fransk og spansk bakgrunn.[3][4]

Etter endt vidaregåande skule fokuserte Cerro på musikkarrieren sin, og ho skreiv platekontrakt med Albert Music i november 2012. Året etter tok ho artistnamnet Montaigne, som er henta frå den franske renessansefilosofen Michel de Montaigne.[5] I 2014 gav ho ut sin første singel, «I Am Not an End», og skreiv sidan ny platekontrakt med Wonderlick Entertainment.

I 2016 følgde debutalbumet Glorious Heights med songane «Clip My Wings», «In the Dark» og «Because I Love You».[6] I 2019 kom oppfølgjaralbumet til Montaigne, Complex[7].

Eurovision Song Contest 2020

6. desember 2019 vart det kunngjort at Montaigne var ein av deltakarane i Eurovision – Australia Decides, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest. Under finalen 8. februar 2020 vann Montaigne tevlinga med songen «Don't Break Me», og ho skulle difor ha representert Australia i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest 2020 tysdag 12. mai 2020 i Rotterdam i Nederland.[8] Etter at tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 fekk Montaigne oppdraget med å representere Australia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Technicolour».[1][2]

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

  • 2016 – Glorious Heights
  • 2019 – Complex

EP-ar

  • 2014 – Life of Montaigne

Singlar

  • 2014 – «I Am Not an End»
  • 2014 – «I'm a Fantastic Wreck»
  • 2015 – «Clip My Wings»
  • 2016 – «In the Dark»
  • 2016 – «Because I Love You»
  • 2018 – «For Your Love»
  • 2019 – «Ready»
  • 2019 – «Love Might Be Found (Volcano)»
  • 2020 – «Don't Break Me»
  • 2021 – «Technicolour»

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads