Don't Bring Me Down
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Don't Bring Me Down» er ein song av Electric Light Orchestra frå 1979 og det niande og siste sporet på albumet Discovery. Av alle singlane deira vart det denne som nådde høgast på den amerikanske singellista.
Remove ads
Historie
« | Det er ein stor, flott galopperande ball av forvrenging. Eg skreiv han i siste minutt, fordi eg var usikker på om me hadde nok høglydte songar for albumet. Dette var akkurat det eg var ute etter. | » |
—Discovery-omslaget (2001)Jeff Lynne |
«Don't Bring Me Down» vart den nest største hitten til bandet i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på singellista[2] og den største hitten deira i USA, der han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[3] Han nådde toppen av singellista i Canada og sjetteplassen i Australia. Dette var den første songen av ELO som ikkje hadde med strykarar.[4]
Trommesporet er i røynda ei lydbandsløyfe som kom frå «On the Run», berre sakka ned i tempo.[4]
Songen vart dedisert til NASA sin romstasjon, Skylab, som gjekk inn i jordatmosfæren over Indiahavet og Vest-Australia den 11. juli 1979.[4]
Den 4. november 2007 fekk Lynne ein pris frå BMI (Broadcast Music, Inc) fordi songen hadde blitt spelt to millionar gonger på radio.
Remove ads
Mistolka tekst
Ei vanleg mistolking i songen er at Lynne ropar «Bruce!» i refrenget. I følgje teksten til plateomslaget på samleplata Flashback seier han «Grroosss», som kan kome frå det bayerske uttrykket «Grüß Gott». Etter songen kom ut var det så mange som mistolka teksten og trudde det var «Bruce» at Lynne byrja å syngje orda som «Bruce» for moro skuld på konsertane.[5]
Musikkvideo
Det vart laga ein musikkvideo for songen, som synte bandet spele songen med klipp av forskjellige animasjonar innimellom som synte til forskjellige tema i songen.
Andre versjonar
Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[6]
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre J Church, Buzzov•en, Op:l Bastards, Status Quo, Parthenon Huxley, L.E.O., PUFFY (òg kjend som Puffy AmiYumi), Northern Kings, Donna Loren, OK Go og The New Pornographers.[7]
I 2012 gav The Hives ut ein song kalla «Go Right Ahead», som ikkje er ein direkte coverversjon, men har eit riff som er identisk til «Don't Bring Me Down»,[8] og Jeff Lynne har derfor fått status som medlåtskrivar på songen.
Jungle Brothers sampla songen på «Because I Got It Like That» på debutalbumet Straight out the Jungle i 1988. «Don't Bring Me Down» vart remiksa av Remix Artist Collective-medlemmet Karl Kling.
Remove ads
I andre media
Songen er nytta i filmane Donnie Brasco i 1998, Furry Vengeance i 2010, Paul i 2011 og Super 8 i 2011 og College Road Trip i 2008.
Songen er òg nytta i The Good Guys sesong 1 i episoden «Hunches and Heists», i ein reklamefilm for Budweiser, i Doctor Who-episoden «Love & Monsters», i videospelet NHL 12 og Family Guy-episoden «Jesus, Mary and Joseph!».
Lister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads