Last Train to London

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Last Train to London» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO) frå 1979 og det femte sporet på albumet Discovery.

Meir informasjon A-side, B-side ...

Songen vart gjeven ut som singel i 1979 i Storbritannia som ei dobbel A-side i lag med «Confusion». Singelen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart.[1] I USA vart dei to songane gjevne ut på singlar kvar for seg med «Confusion» seint i 1979 og «Last Train to London» tidleg i 1980. Han nådde 39. plassen på Billboard Hot 100.[2] I Spania vart singelen gjeven ut med den spanske tittelen «Ultimo tren a Londres».

« Det var ein viss periode då det verka som me brukte år på å toga fram og attende frå Birmingham til forskjllige TV- og radiostasjonar i London. Der er CS-80-synthesizeren igjen på soloen.  »

Discovery-omslaget (2001) - Jeff Lynne

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1979/80), Plassering ...

Andre versjonar

  • I 1982 gav den taiwanske songaren Frankie Kao(高凌風) ut ein versjon av songen kalla 夏天的浪花 (Sommarbølgja).
  • I 2002 sampla jentegruppa Atomic Kitten ein del av songen på singelen deira «Be With You». Songen vart gjeven ut som ei dobbel A-side med songen «The Last Goodbye». Singelen nådde andreplassen i Storbritannia.
  • I 2008 gav Alex Barattini ut ein lengre remix av den originale innspelinga for Gardenia Records.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads