Discovery av Electric Light Orchestra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Discovery er det åttande studioalbumet til det britiske symfoniske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO). Det kom ut i 1979.

Meir informasjon Electric Light Orchestra-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Discovery var det første albumet deira som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia.[3] Det gjekk rett inn på toppen av lista og låg der i fem veker.[3] Albumet inneheld fem hitsongar med «Shine a Little Love», «Don't Bring Me Down», «Last Train to London», «Confusion» og «The Diary of Horace Wimp», dei fleste av dei kraftig påverka av disco (Richard Tandy kom opp med namnet på albumet, Disco Very).[4] «Don't Bring Me Down» var ein av berre to singlar som nådde topp tre på den britiske singellista (den andre var «Xanadu» i 1980), og singelen deira som nådde høgast på den amerikanske singellista med ein fjerdeplass. «The Diary of Horace Wimp» vart òg ein hit i Storbritannia, men var ikkje i disco-stil. Han var meir Beatles-liknande slik den tidlegare hitten deira «Mr. Blue Sky» hadde vore. Sjølve albumet var det første som skapte fire topp ti-singlar i Storbritannia (ein av dei var ei dobbel A-side) og selde etter kvart til dobbel platinaplate i USA (1997).

Discovery var det første ELO-albumet som ikkje hadde med ein fast stryketrio, som dei siste åra hadde vore Mik Kaminski, Hugh McDowell og Melvyn Gale. Dei er med på musikkvideoane til songane frå albumet, som vart laga erstatning for at det ikkje vart ein konsertturne etter albumet. Kort tid etter valde leiaren Jeff Lynne å sparke dei, sjølv om Kaminski spelte på Time-turneen i 1981-82, albumet Secret Messages i 1983 og Balance of Power-turneen i 1986.

Discovery vart mastra på ny som ein del av Epic/Legacy-serien i 2001. Av bonusspora var ein coverversjon av Del Shannon-klassikaren «Little Town Flirt», som vart påbyrjra under innspelinga av albumet, men ikkje gjort ferdig før det året albumet kom ut på ny i 2001.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Jeff Lynne, utanom «Little Town Flirt» skriven av Maron McKenzie og Del Shannon.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
  • Macklydteknikar
  • Jeff Lynne, Richard Tandy og Louis Clark – Orkester- og korarrangement
  • Al Quaglieri – Produsent på nyutgjeving (2001)

Medverkande i musikkvideoane

Lister

Albumet vart særs populært i Noreg der det låg heile 12 veker på toppen av VG-lista og 34 veker i alt på Topp 40.

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1979–80), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1979), Plassering ...
Føregangar
Voulez-Vous
ABBA
Toppen av VG-lista
Electric Light Orchestra

12 veker, veke 25–36, 1979
Etterfylgjar
Slow Train Coming
Bob Dylan
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads