Don't Stop Me Now
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Don't Stop Me Now» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1978 på albumet Jazz. I 1979 vart songen gjeven ut på singel. Songen var skriven av Freddie Mercury og vart spelt inn i august 1978 i Super Bear Studios i Berre-les-Alpes (Alpes-Maritimes) i Frankrike.[1]
Musikalsk byggjer songen på pianospelinga til Mercury, medan John Deacon og Roger Taylor spelar bassgitar og trommer. Songen er eit døme på kjennemerket til Queen med harmonivokal i mange lag i refrenget.[2]
I studioversjonen spelar Brian May berre gitar i gitarsoloen, men på konsertane spelte May òg rytmegitar på resten av songen for å gje større rockekjensle. Eit konsertopptak av ein slik versjon finst på albumet Live Killers frå 1979.[3] Songen finst òg på samlealbumet Greatest Hits. I juni 2011 vart det gjeve ut ein versjon av songen på albumet med meir gitar.[4][5]
I følgje ein studie gjort av ein kognitiv nevroforskar, så var «Don't Stop Me Now» den songen som gav høgast «feel good»-kjensle gjennom tidene.[6]
Remove ads
Mottaking
Singelen nådde niandeplassen i Storbritannia, men berre 86. plassen i USA. Han vart då han kom ut sett på som ein av dei mindre viktige songane til Queen, og vart berre spelt på konsertar i 1979, og siste gongen under Crazy-turneen.[7] Trass i dette har songen vokse i status sidan den gong og har i dag blitt ein av dei mest populære songane til Queen.[8][9][10] Singelen har seld til gull i Storbritannia.
Remove ads
Musikkvideo
Videoen for songen var regissert av J. Kliebenstein og filma i Forest National i Brussel i Belgia den 26. januar 1979.[11]
Singel
På den japanske, nordamerikanske og australske utgåva var «More Of That Jazz» B-sida til songen.
I popkulturen
- I musikalen We Will Rock You er songen nytta i ein scene der Killer Queen byrjar å feire for tidleg då ein trur at Galileo og Scaramouche har blitt fanga.
- I 2005 vart songen kåra til den beste køyresongen av sjåarane til BBC-programmet Top Gear.[12]
- Songen vart nytta i ein scene i filmen Shaun of the Dead, der hovudrollene vert angripen av ein zombie.[13][14]
- Songen finst som nedlastbar song for Rock Band-serien.
Remove ads
Salstrofé
Medverkande
- Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano
- Brian May - elektrisk gitar, korvokal
- Roger Taylor - trommer, tamburin, triangle, korvokal
- John Deacon - bassgitar
Andre versjonar
- McFly spelte inn ein versjon som art den offisielle songen for Sport Relief 2006. Denne nådde toppen av UK Singles Chart i veka som enda 29. juli 2006.[18]
- The Vandals i 2004 på albumet Hollywood Potato Chip.
- I den europeiske utgåva av trommespelet Donkey Konga (2004)
- Royal Philharmonic Orchestra.[19]
- Katy Perry framførte songen to gonger på Hello Katy-turneen.[20]
- Unibet i Skandinavia nytta ein versjon av Fibes, Oh Fibes! hausten 2009[21]
- Delar av «Weird Al» Yankovic-songen «Ringtone» (2009) liknar melodien i denne songen, i tillegg til fleire andre Queen-songar.[22]
- Darren Criss song songen som Blaine Anderson i TV-serien Glee.[23]
Remove ads
Lister
- Storbritannia - 9. plass
- Irland - 10. plass
- Nederland - 14. plass
- Tyskland - 35. plass
- Sverige - 37. plass
- USA - 86. plass
- Australia (2008) - 8. plass5[24]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads