Donald Thomas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Donald Thomas
Remove ads

Donald Thomas (fødd 1. juli 1984) er ein bahamansk friidrettsutøvar frå Freeport i Bahamas som i 2007 vart verdsmeister i høgdehopp. Seinare vann han høgdetevlinga i samveldeleikane 2010 og dei panamerikanske leikane 2011.

Kjappe fakta

Thomas vann høgdehopptevlinga under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka ved å verte den einaste av fem utøvarar som klarte 2,35 meter i sit fyrste forsøk. Russaren Jaroslav Rybakov og grekaren Kyriakos Ioannou gjekk over same høgda i andre forsøk, men ingen av dei tre makta gå over 2,37 m og dermed fekk Thomas gullmedaljen.

Thomas sette sin personlege rekord på 2,37 meter ved eit stemne i Székesfehérvár i Ungarn den 18. juli 2016.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads