Douala
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Douala er ein by i Kamerun og regionshovudstad i Littoral. Byen ligg ved munningen av elva Wouri, rundt to mil frå fra Guineabukta.[1] Namnet Douala stammar frå bantufolket duala/douala, som opphavleg budde på staden. Namnet erstatta det tidlegare Kamerunstadt i 1907.[1] Douala hadde 1 884 802 innbyggarar i 2005. Byen har lenge hatt omtrent like stort folketal som den kamerunske hovudstaden Yaoundé. Lenge var Douala den største byen i Kamerun, men no er Yaoundé større.
Byen har ein stor produksjon av kakao, kaffibønner, palmeolje, bananar og tømmer. Desse varene blir eksporterte via hamna. Douala har også tekstil-, næringsmiddel- og treforedlingsindustri, og det blir drive produksjon av øl, leskedrikkar og aluminiumsprodukt her.[1]
Douala blei tysk i 1884, med namnet Kamerunstadt, og var hovudstaden i Tysk Kamerun frå 1901 til 1916. Frå 1940 til 1946 var han hovudstaden i Fransk Kamerun.[1]
Remove ads
Transport
Det går jernbanelinjer frå Douala til byane Yaoundé, Ngaoundéré, Kumba og Nkongsamba. Byen har ei 1 800 meter lang bru over Wouri.[1] Han har òg ein internasjonal flyplass, Douala internasjonale lufthamn.
Vennskapsbyar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads