Yaoundé

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yaoundé
Remove ads

Yaoundé er hovudstaden i Kamerun. Med 1 430 000 innbyggjarar (2005) er Yaoundé den nest største byen i landet etter Douala.

Kjappe fakta Land, Grunnlagd ...
Remove ads

Historie

Yaoundé vart grunnlagd i 1889 på grunnlag av den tyske koloniforvaltninga, som forskningsstasjon og hovudlager for elfenbeinshandelen. Under den første verdskrigen vart byen tatt av belgiske troppar, og i 1922 vart byen gjort til hovudstad i Fransk Kamerun.

Geografi

Thumb
Yaoundé

Byen ligg på eit platå om lag 750 moh. Omkring Yaoundé har Kamerun den høgaste folketettleiken. Mange av dei 1,4 millionar innbyggjarane bur i dei ytre delane av byen.

Klima

Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 23,3 °C, og varierer i liten grad gjennom året. Den årlege middelnedbøren er 1 617 mm, og ein har to regntider: Ein i september-oktober og ein i april-mai.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads