Doug Gray
amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Doug Gray (fødd 22. mai 1948) er ein USA-amerikansk songar. Han var med å skipe The Marshall Tucker Band, der han var solovokalist.[1][2]
Gray skipa bandet The New Generation i lag med skulevenen Tommy Caldwell. I 1968 gav dei ut singelen «Because of Love (It's All Over)».[3] The New Generation smelta sidan saman med eit anna lokalt band, The Rants, der mellom andre Toy Caldwell (bror til Tommy) spelte,[4] og det nye bandet vart kalla Toy Factory.[5] Fleire av medlemmane, inkludert Gray vart kalla inn i militæret og tente i Vietnamkrigen.[6][7]
Då militærtenesta var over slo Gray seg saman med Caldwell-brørne att i Toy Factory. I 1972 endra dei namn til The Marshall Tucker Band. Gray vart verande i bandet i heile karrieren sin og er det einaste originale medlemmet som framleis spelar i bandet i dag.[8]
Gray song solo på dei fleste av songane deira, med unntak av «Can't You See» som vart sungen av Toy Caldwell.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
