Down Bound Train

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Down Bound Train» var ein song skriven og framført av Chuck Berry. Songen var inspirert av dei religiøse førestillingane om eld og svovel i helvete.[3] Begge foreldra hans var trufaste baptistar og song i Antioch Church Choir, som øvde heime hos familien hans.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen omhandlar forsoning og ei åtvaring mot alkoholmisbruk. Ein mann har drukke for mykje og sovnar på eit bargolv der han har ein livleg draum om å sitje på eit tog som vert styrt av djevelen sjølv. Når mannen vaknar sver han å aldri drikke meir

«Down Bound Train» vart gjeven ut i desember 1955 som B-sida til «No Money Down». Tittelen vert stundom skriven som «The Down Bound Train» eller «Downbound Train».

Det er ein av dei første rockesongane som tonar inn og tonar ut.

Negativland framførte og spelte inn «Hellbound Plane» på ein konsert, som er ein parodi på «Down Bound Train».

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads