Down on the Corner

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Down on the Corner» er ein song av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Han vart gjeven ut på det fjerde studioalbumet deira, Willy and the Poor Boys (1969). Songen omhandlar soga om eit oppdikta band, Willy and the Poor Boys, og om korleis dei speler på gatehjørner for å muntre folk opp og tene nokre slantar. Songen nådde tredjeplassen på Hot 100 i USA den 20. desember 1969. B-sida «Fortunate Son» gjekk opp til 14. plass i USA den 22. november 1969, veka før Billboard gjekk bort frå å ta med begge sider av ein singel på lista.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen refererer til baljebass (gut bass) i linja «Blinky thumps the gut bass and solos for a while».[2] I ei framføring i 1969 på The Ed Sullivan Show spelte bandet songen som Willy and the Poor Boys. Stu Cook spelte då baljebass.

Remove ads

Andre versjonar

  • Jerry Reed spelte inn ein versjon av songen i 1982 for albumet The Bird.
  • The Mavericks spelte inn ein versjon av songen på albumet King of the Hill-Music From and Inspired by the TV Series.
  • Rockegruppa Big Country gav ut ein versjon av songen i 2001 på albumet Under Cover.
  • Adam Harvey framførte ein duett av songen i lag med Leo SayerBoth Sides Now.
  • Beastie Boys sampla songen på sporet «Time to Get Ill» på albumet Licensed to Ill (1986).
  • Goo Goo Dolls spelte inn songen i 1989 for albumet Jed med Lance Diamond på vokal.
  • MC Paul Barman samplar songen på sporet «Hot Guacamole» frå 2009 på albumet Thought Balloon Mushroom Cloud.
  • Rapgruppa SFC sampla songen på sporet «Can't Wait» frå 1990 på albumet Saved Man in the Jungle.
  • Miriam Makeba spelte inn ein sørafrikansk versjon på albumet sitt Keep Me in Mind i 1970.
  • The Osmond Brothers song songen i Wonderful World of Disney-episoden «Disneyland Showtime».
  • Harry Belafonte spelte inn songen i 1970 som ein duett med Lena Horne til albumet Harry & Lena på RCA
  • D.O.A. brukte melodien, men skreiv ny tekst, til protestsongen sitt «Billy and the Socreds» i 1986.
  • La Portuaria spelte songen i 2005 på albumet Rio.
Remove ads

I andre medium

  • Songen er spelbar i videospelet Rock Band.
  • Musikken vart nytta i ein reklame for Walgreens.
  • Opningsmelodien vert nytta i opninga av The Rechids.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads