Fortunate Son
song av Creedence Clearwater Revival From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Fortunate Son» er ein song av Creedence Clearwater Revival på albumet Willy and the Poor Boys frå 1969. Han vart gjeven ut som singel i lag med «Down on the Corner» i september 1969.[1] Denne songen nåded 14. plassen på singellista i USA den 22. november 1969, veka før Billboard gjekk bort frå praksisen med å liste begge sidene av ein singel. Denne songen og den andre sida, «Down On The Corner», klatra i lag til niandeplassen veka etter og nådde tredjeplassen tre veker seinare, den 20. desember 1969.[2] Singelen hadde seld til gullplate i desember 1970.[3] Pitchfork Media plasserte songen på 17. plass på lista si over dei 200 beste songane frå 1960-åra.[4]
Remove ads
Opphav
It aint me, it aint me, I aint no senators son.
John Fogerty (1969) |
Songen vart inspirert av David Eisenhower, barnebarnet til president Dwight David Eisenhower som vart gift med Julie Nixon, dottera til president Richard Nixon, i 1968.[5] John Fogerty sa til Rolling Stone: «Julie Nixon heldt lag med David Eisenhower, og du berre hadde den kjensla av ingen av desse kom til å bli involvert i krigen. I 1968 trudde mesteparten av landet at soldatane hadde høg moral, og 80 % var for krigen. Men somme av oss som følgde nøye med forstod at me var på veg mot trøbbel.»[6]
Remove ads
Andre versjonar
Songen har sidan vorte spelt inn eller framført av Bob Seger, La Renga, Gordon Downie and the Country of Miracles, Brandi Carlile, Pearl Jam, U2, Sleater-Kinney, Corrosion of Conformity, Cat Power, The Dropkick Murphys, .38 Special, Circle Jerks, Jeff B.R.I.C.K. & The Mortiboys, Minutemen, Kid Rock, W.A.S.P., Todd Snider og Patty Griffin, Bruce Springsteen, Santana, The Ghost Inside, Scott Stapp, The Screaming Jets, Wyclef Jean og Sleater-Kinney.
I 2013 spelte Fogerty inn ein versjon av songen i lag med Foo Fighters for albumet Wrote A Song For Everyone.
Remove ads
I andre medium
Songen vart nytta i introen til spelet Battlefield Vietnam. Songen vart òg nytta i ein trailer for Battlefield: Bad Company 2: Vietnam[7]. I tillegg finst songen i videospela Call of Duty: Black Ops, Homefront, BioShock Infinite og han er spelbar i spelet Rock Band.
«Fortunate Son» vart nytta i filmane Forrest Gump, Live Free or Die Hard og Battleship, i tillegg til ein episode av American Dad!.
Ein coverversjon av songen vert spelt av Lyle Workman mot slutten av den 108. episoden av Sons of Anarchy.[8]
Ein versjon av songen vert nytta i ein reklame for Wrangler.[9][10]
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads