Drama av Yes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Drama er det tiande studioalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i august 1980. Dette er det einaste albumet vokalist Jon Anderson ikkje medverkar på, då han slutta i bandet etter dei mislukka «Golden Age/Paris-innspelingane» i 1979, og vart erstatta av Trevor Horn. Rick Wakeman slutta samstundes, og vart erstatta av Geoff Downes.

Meir informasjon Yes-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet kom på 18. plass på Billboard 200 i USA, på andreplass på UK Albums Chart i Storbritannia[5], og på 11. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[6]

Remove ads

Bakgrunn

Etter at dei vart ein trio, starta Chris Squire, Steve Howe og Alan White skriving og innspeling av nytt material. Trevor Horn og Geoff Downes spelte saman i duoen Buggles, og heldt på med innspeling av det nye albumet sitt, då dei høyrde at favoritten deira-bandet Yes heldt på med innspelingar i nabostudioet. Horn og Downes håpte kanskje på å få autografane til heltane sine, men vart i staden invitert med i bandet, og Yes var «gjenoppstått».

Musikken er relavtivt «hardare» enn tidlegare, av og til på grensa til hardrock. Dei fekk igjen med seg Eddie Offord som produsent, og spelte inn åtte låtar. Seks av desse vart brukt på albumet, medan dei to andre, «Go Through This» og «We Can Fly from Here» vart spelt på konsertane og finst i ein konsertversjon på samleboksen The Word Is Live. Sistnemnde låt vart spelt inn på nytt og gjeve ut i ein forlenga versjon på albuma Fly from Here i 2011.

Albumet vart forholdsvis godt motteke, men Trevor Horn hadde problem med stemma under konsertane, og song til tider surt og falskt. Han vart òg møtt med fy-rop frå tilhengarar av Jon Anderson. Dette gjorde at Horn slutta i bandet tidleg i 1981. I mai 1981 vart det sendt ut eit presseskriv der Chris Squire annonserte at Yes ikkje lengre eksisterte.

Sjølv om heile bandet er kreditert som produsentar saman med Eddie Offord, er det ingen løyndom at Trevor Horn var han som styrte lyden i størst grad. Coveret på dette albumet er igjen laga av Roger Dean som laga dei fleste platecoverene til bandet på 1970-talet.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Spor 13–16 er frå «Golden Age/Paris-innspelingane» i november 1979 med Jon Anderson, Steve Howe, Chris Squire, Rick Wakeman og Alan White, produsert av Roy Thomas Baker. Spor 9–16 er tidlegare ikkje gjeven ut.

Remove ads

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1980), Plassering ...

Ny-utgjevingar

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2004 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads