Tormato

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tormato er det niande studioalbumet til det engelske progressiv rock-banda Yes, utgjeve i september 1978. I motsetnad til forgjengeren Going for the One, fekk ikkje dette albumet nokre god mottaking av korkje kritikarar eller publikum. Albumet selde godt, men ein var misnøgd med den minimalistiske og til tider spinkle produksjonen og miksinga. Trass i dette er det fleire låtar som blir rekna som «klassisk» Yes her, blant andre «On the Silent Wings of Freedom» og «Onward».

Meir informasjon Yes-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet kom på 10. plass på Billboard 200 i USA, på åttandeplass på UK Albums Chart i Storbritannia[5] og på niandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.[6]

Remove ads

Bakgrunn

Albumet vart skrive og innspelt i ein periode der alle i bandet var usikre på kva musikalsk retning bandet skulle ta. Dette var under den store punk-revolusjonen, og band som var symbol på «dei etablerte», blant andre Yes, Genesis og Led Zeppelin, vart kalla «dinosaurar».

Dette er det andre og siste albumet der Hipgnosis laga coveret. Albumet skulle opphavlege heitte Yes Tor etter ein geologisk formasjon i det sørlege England, men blei endra av Hipgnosis då Rick Wakeman kasta ein tomat på utkastet deira til platecover. Utkastet, med tomat-sølet på, blei det ferdige platecoveret.

Etter dette albumet prøvde Yes å spele inn eit nytt album i 1979, som i etterkant er blitt kalla «Golden Age-innspelingane»/«Paris-innspelingane», men gav til slutt opp. Rick Wakeman og Jon Anderson forlet bandet, medan Chris Squire, Steve Howe og Alan White ville fortsette som trio, men mogelegeins under eit nytt namn.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Ny-utgjevingar

  • 1991 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2004 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads