Dream On av Aerosmith
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Dream On» er ein powerballade[3] av Aerosmith frå debutalbumet deira, Aerosmith, frå 1973.[4] Han var skriven av frontmannen Steven Tyler og vart den første store hitten deira og ein vart ein klassisk rock-radiolåt. Songen kom ut i juni 1973 og nådde 59. plassen på Billboard Hot 100[5] men slo stort til i heimbyen Boston, der han vart kåra til årets singel av radiokanelen WBZ-FM, den femte beste for året på WRKO og nummer 16 på WMEX (AM). Songen fekk òg umiddelbar mykje radiospeling på den tidlegare WVBF (FM), og dukka ofte opp på førsteplass på «The Top Five at Five» i juni 1973.
Albumversjonen av «Dream On» (4:28, i motsetning til 3:25 på singelutgåva der det meste av introen er redigert ut og det første refrenget er erstatta med det andre refrenget) vart gjeve ut på ny i slutten av 1975, og debuterte då på 81. plassen på Billboard Hot 100-lista den 10. januar 1976, men kom seg inn på topp 40 den 14. februar og klatra heilt til sjetteplassen den 10. april. Columbia Records valde å betena topp 40-radiostasjonar med både lange og korte versjonar av songen, og dermed vart mange popradiolyttarar i 1976 eksponert for den første topp 10-hitten til gruppa gjennom 45-utgåva.
I 2004 rangerte magasinet Rolling Stone songen som nummer 172 på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Han vart flytta til nummer 173 i 2010,[7] og på nytt rangert som nummer 199 i 2021.[8] I 2007 spelte Aerosmith inn ei nyinnspeling av songen, blant nokre av sine andre songar, til spelet Guitar Hero: Aerosmith då masterlydbandet mangla under utviklinga av spelet.[9] I 2018 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame[10].
Remove ads
Bakgrunn
I eit intervju i 2011 mimra Tyler om far sin, ein Juilliard-utdanna musikar. Han hugsa at han som treåring låg under pianoet til faren og høyrde han spela klassisk musikk. «Det var der eg fekk dei 'Dream On'-akkordane», sa han. Teksten vart fullført då Steven var 14 år gammal.[11] Songen er òg kjend for det oppbyggjande klimakset sitt som syner fram varemerke-skriket til Tyler.
I dei autoriserte bandmemoarane Walk This Way av Stephen Davis snakkar Tyler utførleg om opphavet til songen:[12]
Musikken til «Dream On» vart opphavleg skriven på eit Steinway-flygel i stova i Trow-Rico Lodge i Sunapee, kanskje fire år før Aerosmith starta. Eg var sytten eller atten. ... Det var berre ei lita greie eg spelte, og eg hadde aldri døymt om at det skulle ende opp som ein ordentleg song eller noko. ... Han handlar om å drøyme til drøymane dine blir oppfylte.
Remove ads
Mottaking
Cash Box sa at «den harde overflata er der, men den klagande vokalen til Tyler og ein del økonomisk muskuløs riffing gjer 'Dream On' til ein tenkjar så vel som ein bevegar.»[13] Record World kalla han ei «skjønnheit som har ei merkeleg melodisk linje og stramt hardrock-akkompagnement».[14]
Konsertopptak
Låten har lenge vore ein fast del av konsertane deira, og pianopartiet vert framført av Tyler. Bandet har òg spelt «Dream On» med orkester ved enkelte høve. Ei av desse framføringane, dirigert av Michael Kamen, vart framført live for 10-årsjubileet til MTV[15] (i 1991) og inkludert på soundtracket til filmen Last Action Hero.
Den 19. september 2006 dedikerte Aerosmith songen til den tilfangetatte israelske soldaten Ehud Goldwasser. Den 22. september 2007, på ein konsert i Atlantic City i New Jersey, tileigna Aerosmith songen til ein av tilhengjarane sine, Monica Massaro, som hadde vorte myrda tidlegare same år. Den 25. mai 2011 framførte Tyler ein kort versjon av songen live under finalen i den tiande songen American Idol.[16].
I 2006 framførte Tyler og Joe Perry songen live saman med Boston Pops Orchestra på deira 4. juli-konsert.[17] I august 2010 framførte Tyler mykje av songen på eit flygel på toppen av Green Monster på ein Aerosmith-konsert i Fenway Park i Boston, saman med resten av bandet for å avslutta songen.[18] Etter Boston Marathon-bombinga framførte Tyler songen på Boston Strong-konserten i slutten av mai 2013.[19][20]
I høve innlemminga av rapperen Eminem i Rock and Roll Hall of Fame i 2022, framførte Tyler introduksjonslinja og refrenget til «Dream On», saman med Eminem då han fremførte sin 2002-hit «Sing for the Moment», som brukte refrenget i førstnemnte som refreng.[21]
Andre utgjevingar
Songen har dukka opp på nesten alle samle- og konsertplatene til Aerosmith, inkludert:
- Live! Bootleg
- Greatest Hits
- Classics Live I
- A Little South of Sanity
- Big Ones (som bonusspor på CD 2)
- Young Lust: The Aerosmith Anthology
- O, Yeah! Ultimate Aerosmith Hits
- Devil's Got a New Disguise
- Musikk frå den originale filmen «Last Action Hero»
Han er òg med i begge boksane til bandet.
Andre
- I 2002 vart songen sampela av den amerikanske rapparen Eminem til songen «Sing for the Moment», frå 2002-albumet hans The Eminem Show. Joe Perry spelte gitarsolo på låten og i refrenget syng Steven Tyler, medan Eminem legg til «sing», «sing with me» og «come on» i refrenget i tillegg.
- I 2011 vart songen sampla av Immortal Technique på låten hans «Angels & Demons», på albumet hans The Martyr.
- I ein Kia Stinger-reklame som gjekk under Super Bowl 2018, ser Steven Tyler ut til å køyra bilen med same namn i høg fart i revers medan snuttar av «Dream On» blir spelt på ein sampla måte.
- I 2022 opplevde «Dream On» ei oppblomstring i popularitet på sosiale medium etter at han vart brukt i ein meme der Kratos, hovudpersonen i videospelserien God of War, fell ned frå Olympos medan refrenget til songen blir spelt. Songen oppnådde deretter 720 millionar avspelingar på Spotify.[22]
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads