Dreamer av Supertramp

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Dreamer» er ein song av Supertramp frå albumet Crime of the Century frå 1974. Songen kom ut på singel og nådde 13. plassen på UK Singles Chart i februar 1975.[2] I 1980 kom songen ut på konsertalbumet Paris. Denne konsertutgåvakom ut på singel og nådde 15. plassen på den amerikanske Billboard-lista,[3] 36. plassen på Nederlandsk Topp 40,[4] og heilt til topps på Canadian Singles Chart.[5] «Dreamer» kom òg ut på albumet til Roger Hodgson, Classics Live, spelt inn i 2010.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

«Dreamer» vart komponert av Roger Hodgson på Wurlitzer-pianoet hans heime hos mora då han var 19 år gammal. På den tida spelte han inn ein demo songen med vokal, Wurlitzer og pappøskjer som perkusjon. Hodgson sa «Eg var nøgd - det var første gongen eg hadde spelt på ein Wurlitzer.»[6] Supertramp spelte inn sin versjon av songen basert på denne demoversjonen.[7]

Bandet framførte songen på BBC-programmet Old Grey Whistle Test i 1974, der ein kan sjå John Helliwell spele på kanten av eit vinglas på toppen av klaverinstrumentet sitt for å få ein viss lydeffekt.[8]

Songen vart nytta i filmane The Parole Officer, Wild Thing og The Adventures of Rocky and Bullwinkle, i tillegg til trailerer for sistnemnde og Robots.

Remove ads

Innhald

1975: 7"-singel

Side ein

  1. «Dreamer» – 3:33 (skriven av Roger Hodgson)

Side to

  1. «Bloody Well Right» – 4:26 (skriven av Rick Davies)

1980: 7"-singel

Amerikansk versjon

Side ein

  1. «Dreamer» (Live) – 3:15 (Hodgson)

Side to

  1. «From Now On» (Live) – 6:44 (Davies)

Europeisk versjon

Side ein

  1. «Dreamer» (Live) – 3:15 (Hodgson)

Side to

  1. «You Started Laughing» (Live) – 3:50 (Davies)

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads