Drone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Drone er eit luftfartøy som kan vera fjernstyrt eller manøvrera sjølv.[1] Det finst både militære og sivile dronar, og dei har mange utformingar og bruksområde Militære dronar vert brukte til å samla etterretning av militær relevans og å bera og avfyra våpen, utan å risikera livet til eigne soldatar. Sivile dronar vert til dømes brukte til hobbyfotografering og kommersielle videoproduksjonar. Skiljet mellom sivile og militære dronar er uklart. Militære føretak er i dag leiande i utviklinga av droneteknologi, men leverer i tillegg til den miitære marknaden òg til det sivile. Fleire sivile føretak leverer òg dronar og droneteknologi til den militære marknaden.
- For dronar hjå bier, sjå honningbie.




Remove ads
Forbodssoner
I Noreg er det forbode å flyga med dronar i nærleiken av flyplassar. Minsteavstanden er fem kilometer utan spesielt løyve frå tårnet. Årsaka er faren for at dronane kan treffe fly under opp- og nedstigning.[2] Frykta er ekstra stor for at dei kan sugast inn i flymotorar, der dei lett brennbare litium-polymerbatteria til dronane kan føra til brann.[3][4][5][6][7][8]
Historie
Dronar vart først brukte under den fyrste verdskrigen, og fram til andre verdskrigen vart dei brukte til å trena skyttarar på luftvernartilleri.
Veksten i den militære nytta av dronar kan illustrerast med krigen i Irak: I 2002 brukte amerikanske styrkar rundt 200 dronar, eit tal som hadde vakse til rundt 3 200 i 2007.[9]
Klassifisering
- LALA – Low Altitude Long Endurance
- MÅLA – Medium Altitude Long Endurance
- HALE – High Altitude Long Endurance
- Taktisk
Sjå òg
- Radiostyrt fly
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads