Drumnadrochit
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Drumnadrochit (skotsk-gælisk Druim na Droichaid) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 800 innbyggjarar og ligg ved Loch Ness, ved opninga av dalen Glenurquhart.

Turisme er ei viktig næring i landsbyen, og det er tre hotell der. Ein av dei største attraksjonane er Loch Ness og utflukter for å sjå etter sjøuhyret «Nessie». Like i nærleiken ligg slottsruinen Urquhart Castle som er ein av dei best vitja eigedomane ått av Historic Scotland.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Drumnadrochit» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads