Dua

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dua
Remove ads

Dua (frå latin Columba) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det ligg like sør for Den store hunden og Haren.

Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...
Remove ads

Kjende objekt

Thumb
Stjernebiletet Dua slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Dua er heller lyssvakt, og den mest lyssterke stjerna, Alfa Columbae, har berre storleiksklasse 2,7. Alfa Columbae er ei blåkvit star som tradisjonelt har blitt kalla Phact. Alfa Columbae ligg 268 lysår frå jorda. Den einaste andre namngjevne stjerna i Dua er Beta Columbae, som har namnet Wazn. Ho er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 3,1, 86 lysår frå jorda.[1]

Dua er stjernebiletet som ligg ved solart antapeks - jorda (og sola) flyttar seg bort frå retninga til stjernebiletet når solsystemet flyttar seg gjennom rommet.

Stjernebiletet inneheld den galopperande stjerna μ Columbae, som truleg vart driven bort frå ι Orionis-systemet.

Djupromsobjekt

Det ligg ein kulehop i Dua, NGC 1851 som har storleiksklasse 7. Ho ligg 35 000 lysår frå jorda og er mogeleg å sjå i mellomstore amatørteleskop.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads