Dugurd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dugurd var eit føremiddagsmåltid ein åt i Norden i eldre tid. I nyare tid kan det også brukast om morgonmat, frukost.

Namnet stammar frå norrønt dagverðr eller dǫgurðr, og har dermed ein motsats i eftasverd og nattverd. Det blei også kalla durmål, dagverd eller davre, det siste ordet finn ein også på dansk, særleg dialektar som jysk.

Det gamle bondemåltidet blei gjerne ete i 10-tida, mellom morgonmat og middag eller nonsmat. Tidspuktet varierte ulike stader i landet. Ein vanleg rett i Noreg var vassgraut.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads