Sirup
tjuktflytande sukkerløysning From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sirup (seint norrønt sirop av arabisk sharab, 'drikk', via latin) er ei seig løysning av sukker i vatn som ein kan bruka til mat, drikke, fôr eller til å gje medisinar. Sirup er gjerne gul eller brun på farge.[1]

Typar
- Etesirup er danna frå sukkerrøyr som eit biprodukt når ein raffinerer sukker. Inneheld hovudsakleg sukrose og noko invertsukker.[2]
- Glukosesirup eller stivelsessukkersirup er av stive frå potet eller mais. Inneheld glukose, maltose og dekstrin. Maissirup (corn syrup) er mykje brukt i USA.[2]
- Invertsukkersirup er danna ved at ein varmar opp ei løysing av raffinert sukker med fortynna syrer. Inneheld glukose og fruktose.[2]
- Lønnesirup (maple syrup) er laga av sevje frå visse lønnetre.[2]
Som farmasøytisk preparat kan sirup innehalda løyste stoffer eller droge-uttrekk.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads