Dust in the Wind
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Dust in the Wind» er ein song av det amerikanske progressive rockebandet Kansas og skriven av Kerry Livgren. Songen kom først ut i 1977 på albumet deira Point of Know Return.
Singelen nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 22. april 1978, og vart den einaste singelen deira som nådde topp 10 på Billboard Hot 100-lista. Singelen oppnådde gullplate for ein million selde eksemplar i USA kort tid etter han kom ut.
Remove ads
Bakgrunn
Tittelen på songen er ein Bibelreferanse som siterer Forkynnaren:[2]
« | Eg såg på kvar gjerning som blir gjord under sola. Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden![3] | » |
Kerry Livgren skreiv gitarlinja for «Dust in the Wind» som ei fingerøving for å lære seg fingerplukking på gitaren sin. Kona hans, Vicci, høyrde det han gjorde og sa at ho likte melodien og oppfordra han til å skrive ein tekst. Livgren var usikker på om dei andre i bandet kom til å like songen, sidan det var eit steg til side for den vanlege stilen deira. Etter at Kansas hadde øvd inn alle songane meint for innspelinga deira i juni og juli 1976, spelte Livgren «Dust in the Wind» for dei, som etter ein augneblink med stille spurte «Kerry, kvar har denne vore?»[4]
Songen vart vald ut som den andre singelen frå albumet, medan den første songen, tittelsporet på albumet, gjorde det heller dårleg.[5] «Dust in the Wind» kom ut kort tid etter og gjekk inn på 81. plassen på Hot 100 den 21. januar 1978. Innan april hadde songen nådd sjetteplassen på Hot 100 og vart den høgast plasserte singelen til Kansas og den einaste som nådde topp 10.[6]
Medverkande
- Steve Walsh – solovokal
- Kerry Livgren – akustisk gitar
- Rich Williams – akustisk gitar
- Robby Steinhardt – fiolin, bratsj, kor- og harmonivokal
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
Sarah Brightman spelte inn «Dust in the Wind» i 1998 på albumet hennar Eden.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads