Point of Know Return

studioalbum av Kansas From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Point of Know Return er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1977.

Meir informasjon Kansas-kronologi, Singlar frå ...

Tittelen på albumet er eit ordspel på «point of no return».

Remove ads

Komposisjon og innspeling

Innspelinga for Point of Know Return tok til i juni 1977 i Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana, der Kansas hadde spelt inn dei to førre albuma sine. Då utstyret slutta å virke, flytta Kansas til Woodland Studios i Nashville etter ein månad.[1]

Songaren og låtskrivaren Steve Walsh slutta i gruppa ei kort stund under innspelinga av dette albumet.[2] I eit radiointervju innrømde han at han på dette tidspunktet var ein slags primadonna og likte tanken på ein solokarriere.[2][3]

«Dust in the Wind» er ein enkel, akustisk song. Gitarlinja for songen vart skriven av Kerry Livgren som ei øving for å lære seg fingerplukking. Kona hans, Vicci, høyrde songen og syns at melodien var fin, og oppfordra han til å skrive ein tekst.[4] Livgren var usikker på om dei andre i bandet kom til å like songen, sidan det var eit steg til side for den vanlege stilen deira. Likevel spelte han songen for dei og songen vart akseptert og innspelt.[4]

Albumet vart kritikarrost for singlane «Point of Know Return», som kom til seint på albumet, og «Portrait (He Knew)», som var skriven om Albert Einstein.[4] I 1988 gav Livgren ut ein oppdatert versjon av «Portrait (He Knew)» kalla «Portrait II» som ein del av albumet Prime Mover for gruppa hans AD. Han endra temaet i songen frå Einstein til Jesus. Ein annan song, «Closet Chronicles», er ein allegori til Howard Hughes.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Rolling Stone gav albumet middels omtale og meinte at overgangen til kortare songar fungerte greitt, og at tekstane var «ei svak og latterlig attforteljing av den billige eksotismen som vart nytta av så mange britiske kunstrockartistar.» Dei skreiv at Kansas mangla ein virtuos soloist, men at bandet elles spelte godt og målretta.[6] Robert Taylor i AllMusic skreiv at «samspelet og den overlegne musikalske dugleiken til Knasas gjer dette til ei viktig innspeling innan klassisk rock og progressiv rock», trass i «utdatert lyd» og kampen bandet hadde «for å oppretthalde ein sunn balanse mellom progresjon og pop.»[5]


Point of Know Return nådde høgare på albumlista i USA enn andre Kansas-album gjorde, ein fjerdeplass på lista i januar 1978[7] og kom til å selje fire millionar eksemplar i USA.[8]

Remove ads

I andre media

I ein debatt om den beste «Song 1 Side 1» i historia blant hovudrollene i filmen High Fidelity, kritiserer karakteren Jack Blackeit av forslaga til karakteren til John Cusack som «for opplagt, som 'Point of Know Return'».

I oktober 2009 vart eit konsertopptak av tittelsporet nedlastbast i videospelet Rock Band.

I filmen The Rocker, har karakteren til Rainn Wilson, Robert Fishman, på seg ei Point of Know Return-t-skjorte.

«Nobody's Home» er sampla av rapperen J Dilla på songen «So Far» i 2016 på albumet The Diary. Klippet som er brukt er ikkje frå Kansas-versjonen av songen.

«Dust in the Wind» vart òg nytta i Highlander: The Series-episoden «The Darkness».

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kansas
  • Steve Walsh – orgel, synthesizer, vibrafon, piano, solovokal (utanom på «Lightning's Hand»), korvokal, ekstra perkusjon
  • Kerry Livgren – synthesizer, piano, clavinet, elektrisk og akustisk gitar, ekstra perkusjon
  • Robby Steinhardt – fiolin, bratsj, korvokal, solovokal på «Closet Chronicles», «Lightning's Hand», «Sparks of the Tempest» og «Hopelessly Human»
  • Rich Williams – elektrisk og akustisk gitar, pedalar
  • Dave Hope – bass
  • Phil Ehart – trommer, pauker, røyrbjeller, ekstra perkusjon
Produksjon
  • Jeff Glixman - plateprodusent, lydteknikar, miksing i Village Recorders i Los Angeles i august 1977
  • Terry Diane Becker - ekstra lydteknikar
  • George Marino - mastering i Sterling Sound i New York i september 1977
  • Kansas - arrangement og konsept for plateomslaget
  • Tom Drennon - kunstnarisk leiar
  • Peter Lloyd - måleri
  • Rod Dyer - design av det indre omslaget
  • Bob Maile - kalligrafi
Remove ads

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...
Remove ads

Salstrofé

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1995 4x Platinum (+ 4 000 000)[8]
Canada CRIA 1978 Platinum (+ 100 000)[22]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads