Dylan av Bob Dylan

album av Bob Dylan From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dylan er det 13. studioalbumet til Bob Dylan gjeven ut på Columbia Records i november 1973.

Meir informasjon Bob Dylan-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Dylan vart sett saman og gjeven ut utan at Dylan sjølv gjorde stort. Albumet består stort sett av songar som var att etter innspelingane av Self Portrait og New Morning. Det kom etter at Dylan forlet Columbia til fordel for Asylum Records og etter at Dylan annonserte den første turneen sin sidan 1966. Albumet vart derfor sett på som eit siste forsøk for Columbia og tene pengar på eit nytt Dylan-album og til og med som ein «hemn» for at Dylan forlet Columbia. Albumet kom ut berre to månader før Planet Waves og nytta to innspelingar som ikkje vart nytta på det merkelege og dårleg motteke Self Portrait. Resten av songane var frå overskotsmateriale frå innspelinga av New Morning.

Sjølv om Dylan fekk særs dårleg kritikk, nådde det likevel 17. plass i USA og selde til gull. Det vart det første albumet til Dylan på lang tid som ikkje gjekk inn på lista i Storbritannia, der albuma hans som regel alltid gjekk høgare enn i USA. Det er det einaste studioalbumet til Dylan som ikkje er gjevne ut på CD i Nord-Amerika, men det har nyleg vore tilgjengeleg for digital nedlasting på iTunes. Albumet vart gjeven ut i Europa med tittelen Bob Dylan (A Fool Such as I).

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Mark Knopfler – gitar
  • Al Kooper – gitar, horn, keyboard
  • Russ Kunkel – trommer
  • David Mansfield – gitar, mandolin
  • Richard Manuel – trommer, keyboard, vokal
  • Charlie McCoy – gitar, munnspel
  • Regina McCray – vokal
  • Bob Moore – bass
  • Muscle Shoals Horns – horn
  • Spooner Oldham – keyboard
  • June Page – vokal
  • Alan Pasqua – keyboard
  • Carl Pickhardt – piano
  • Robbie Robertson – gitar, vokal
  • Albertine Robinson – vokal
  • Al Rogers – trommer
  • Jerry Scheff – bass
  • Helena Springs – vokal
  • Maretha Stewart – vokal
  • Rob Stoner – bass
  • Fred Tackett – gitar
  • Mick Taylor – gitar
  • Benmont Tench – keyboard
  • Stu Woods – bass
  • Monalisa Young – vokal
  • Terry Young – keyboard
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads