Levon Helm

amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Levon Helm
Remove ads

Mark Lavon «Levon» Helm (26. mai 194019. april 2012) var ein amerikansk rockemusikar og multi-instrumentalist, som var mest kjend som trommeslagar og ofte solovokalist i The Band. Helm var kjend for den djupe, sjelfulle, countryaktige stemma og den kreative trommestilen frå innspelingane til The Band, som på «The Weight», «Up on Cripple Creek», «Ophelia» og «The Night They Drove Old Dixie Down». For albumet Dirt Farmer frå 2007 vann han Grammyprisen for beste tradisjonelle folkealbum, og i november same år rangerte musikkmagasinet Rolling Stone han som den 91. beste songaren gjennom tidene.[1] I 2010 vann han med Electric Dirt frå 2009 Grammyrpisen for beste americanaalbum, ein kategori som var nystarta dette året.[2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Helm hadde roller i filmane Coal Miner's Daughter, The Right Stuff og The Three Burials of Melquiades Estrada.

Siste bandet Helm spelte i var bluesgruppa The Levon Helm Band, der òg dottera, Amy, spelte.

Han har gjeve ut sjølvbiografien This Wheel's on Fire, der han er særs kritisk til bandmedlemmen Robbie Robertsen si rolle under oppløysinga av The Band.

Remove ads

Hyllester

  • Marc Cohn skreiv songen «Listening to Levon» i 2007.
  • «The Man Behind the Drums», skriven av Robert Earl Keen og Bill Whitbeck, på Keen sitt The Rose Hotel
  • Elton John-songen «Levon» er kalla opp etter han.

Diskografi

  • 1977 Levon Helm & the RCO All-Stars (ABC) U.S. #142[3]
  • 1978 Levon Helm (ABC)
  • 1980 American Son (MCA)
  • 1982 Levon Helm (Capitol)
  • 1999 The Ties That Bind (Raven Records)
  • 2000 Souvenir, Vol. 1 (Breeze Hill) – Levon Helm & The Crowmatix
  • 2005 Midnight Ramble Sessions Volume I
  • 2005 Midnight Ramble Sessions Volume II
  • 2006 Levon Helm & the RCO All Stars Live (Levon Helm Studios)
  • 2007 Dirt Farmer (Vanguard), U.S. #102[3]
  • 2009 Electric Dirt (Dirt Farmer Music), U.S. #36
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads