ELO 2
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
ELO 2 er det andre albumet til Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1973. I USA vart albumet gjeve ut som Electric Light Orchestra II og vert stundom kalla ELO II. Det var det siste albumet bandet gav ut på Harvest Label.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Albumet skulle opphavleg heite The Lost Planet, men det konseptet vart roleg droppa. Det var under starten av innspelinga for dette albumet at Roy Wood slutta i bandet og starta Wizzard tidleg i 1972.[1] Sjølv om han ikkje var nemnd på plateomslaget spelte Wood cello og bass på «In Old England Town» og «From the Sun to the World».[1] Dei klassiske cellistane Colin Walker og Mike Edwards erstatta Wood, og Wilfred Gibson spelte fiolin. Richard Tandy spelte klaverinstrument for første gongen med ELO i studio, men hadde spelt på konsertar med bandet tidlegare. Bassisten og vokalisten Mike de Albuquerque spelte òg for første gongen med ELO i studio. Dei fem songane på albumet er lengre enn vanlege rockesongar, med lag på lag med orkesterinstrument, som skapar eit tett, komplekst lydbilete.
Remove ads
Utgjeving
I lag med føregjengaren er albumet det minst kommersielle albumet til ELO, men nådde likevel topp 40 på den britiske albumlista, sjølv om den meir konsise oppfølgjaren, On the Third Day, ikkje klarte dette. Ei forkorta utgåve av «Roll Over Beethoven» vart ein hit i Storbritannia, og vart òg spelt på radio i Amerika. I 2006 vart albumet mastra på ny og gjeve ut på ny i USA med bonusspor. Plateomslaget på albumet var laga av Hipgnosis.
Det britiske og amerikanske omslaget var forskjellig. Det same var tittelen. I Storbritannia vart albumet kalla ELO 2 med eit måleri av ei lyspære som fer gjennom verdsrommet, og med orda ELO2 på sokkelen, medan det amerikanske omslaget hadde ei meir utførleg lyspære mot ein natthimmel og vart kalla Electric Light Orchestra II. Av ukjende årsaker var «Roll Over Beethoven» noko kortare på den britiske enn den amerikanske utgåva. Songen «Momma» fekk tittelen «Mama» i Amerika. Ein instrumental versjon av «In Old England Town», opningssporet, vart B-sida til singelen «Showdown". Albumet inneheld òg den lengste songen til bandet, antikrigssongen «Kuiama».
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Jeff Lynne, utanom der andre er nemnde
ELO 2 (First Light Series)
ELO 2 (First light Series) var ei utgåve av det andre albumet til ELO, som kom ut i høve 30-årsjubileet til utgjevinga av albumet.
Det var det andre albumet i First Light Series av EMI og kom i 2003. Marc Bolan spelar sologitar på spor 10-12 på albumet. Den andre disken har namn etter arbeidstittelen til albumet, The Lost Planet og inneheld unytta studiopptak og rarietetar, inkludert songar spelt inn med den originale The Move-songaren Carl Wayne.
Alle spor skrivne av Jeff Lynne, utanom der andre er nemnde
- BBC-opptak er frå BBC Langham Studio 1, 1. november 1972.
Remove ads
Medverkande
- Jeff Lynne – vokal, gitar, Moog synthesizer
- Bev Bevan – trommer, perkusjon
- Richard Tandy – piano, harmonium, Moog synthesizer, gitar, korvokal
- Mike de Albuquerque – bass, korvokal
- Wilfred Gibson – fiolin
- Mike Edwards – cello
- Colin Walker – cello
- Andre medverkande
- Marc Bolan – gitar på ELO 2 spor 10–12
- Roy Wood – bass, cello på ELO 2 spor 1 og 4
- Carl Wayne – solovokal på The Lost Planet spor 6–8
Remove ads
Lister
- UK: 35. plassen på UK Album Chart[6]
- US: 53. plassen på CashBox; number 62 Billboard 200[7]
- CAN: 17. plassen på RPM Album Chart
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads