Richard Tandy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Richard Tandy (26. mars 1948–1. mai 2024) var ein engelsk musikar som blei mest kjend som klaverspelar i Electric Light Orchestra («ELO»).[1] Klaverinstrumenta hans (inkludert Mini Moog, clavinet, mellotron og piano) var ein viktig ingrediens i lyden til gruppa, hovudsakleg på albuma A New World Record, Out of the Blue, Discovery og Time.
Tandy var frå Birmingham og gjekk på skule i lag med den framtidige bandkollegaen Bev Bevan.[2][3] Tandy byrja å spele med Bevan i 1968, då han spelte cembalo på The Move-hitten «Blackberry Way». Seinare, i 1972, var Tandy bassist i den første besetninga av ELO, og spelte stundom klaverinstrument, seinare på fulltid. I tillegg til ELO samarbeidde Tandy også med Lynne på andre prosjekt,[3] som songar for Electric Dreams, soloalbumet til Lynne Armchair Theatre og det Lynne-produserte Dave Edmunds-albumet Information.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads