East St. Louis Toodle-Oo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«East St Louis Toodle-Oo» (òg «Toodle-O») er ein komposisjon skriven av Duke Ellington og Bubber Miley og spelt inn fleire gonger av Ellington for forskjellige selskap frå 1926 til 1930 under ymse titlar.[1] Songen gjekk først inn på singellista for Duke Ellington i 1927 og var ein av mange døme på hans tidlege «jungelmusikk».[2] Komposisjonen vart spelt av Steely Dan i 1974 på albumet deira Pretzel Logic.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innspelingssoge

Ellington spelte først inn «Toodle-Oo» i november 1926 for Vocalion Records, som kom ut som Vo (1064). Han spelte inn komposisjonen to gonger til tidleg i 1927 for Brunswick Records. Den første versjonen kom ikkje ut på den tida, men den andre kom ut som Br (3480).[1] Han spelte inn hitversjonen sin i mars 1927 for Columbia Records, under namnet «the Washingtonians». I lag med innspelinga av «Toodle-Oo», spelte han inn to andre komposisjonar på same dagen, «Hop Head» og «Down in Our Alley Blues», der den første nemnde vart gjeven ut som B-sida på Columbia 953-D.[3]

  • 29. november 1926 E-4110 Vocalion 1064
  • 3. februar 1927 E-21636 E-21637 E-21538 avvist av Brunswick
  • 14. mars 1927 E-21872 Brunswick 3480, Brunswick 6801, Brunswick 80000, Vocalion 1064 (somme seinare trykk)
  • 22. mars 1927 W 143705-3 Columbia 953-D
  • 19. desember 1927 41245-1 Victor 21703
  • 19. desember 1927 41245-2 Victor 21703, Bluebird B-6430, Montgomery Ward M-4889
  • 19. januar 1928 W 400032-A OKeh 8638 (som «Harlem Twist», av Lonnie Johnson's Harlem Footwarmers, med Johnson på gitar)
  • Mars 1928 2944-A og B Cameo 8182, Lincoln 2837, Romeo 612 (som The Washingtonians), og 108079-1 Pathe 36781, Perfect 14962 (som The Whoopee Makers) (identisk til ei av innspelingane på 2944)
  • 3. april 1930 150167-3 Diva 6046-G, Velvet Tone 7072-V (som Mills' Ten Black Berries)
  • 9. februar 1932 71812-2 and 3 Victor L-16007 (33 1/3 10", første del av ein tre songar lang medley)
  • 5. mars 1937 M-180-1 Master MA-101, Brunswick m7989 (som «The New East St. Louis Toodle-O»)
  • 7. februar 1956 Bethlehem Be BCP-60
Remove ads

Musikk

«East St. Louis Toodle-Oo» vert spelt med ein knurrande sordin trompet spelt av medkomponisten Bubber Miley, ein av dei første jazztrompetistane som brukte denne stilen.[3] Denne stilen vart seinare utført av Cootie Williams (1937-innspeling),[4] og Ray Nance (1956-innspeling).

For Steely Dan si utgåve av songen, spelte Walter Becker melodien gjennom ein talk box som etterlikna trompetstilen til Miley, medan Jeff «Skunk» Baxter brukte ein pedalsteelgitar for tromboneparten.[5]

Remove ads

Andre innspelingar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads