Echinococcus multilocularis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Echinococcus multilocularis er ein bendelormparasitt som lever framforalt i rev og andre hundedyr. Som mellomvert bruker parasitten mus og andre gnagarar, men han kan også bruke menneske.
I Europa finst Echinococcus multilocularis framfor alt i Mellom-Europa og nordaust i europeisk Russland. I 1999 vart parasitten oppdaga på Svalbard, dit han sannsynlegvis hadde komme med fjellrev på vandring frå Russland. I Norden er det framleis ikkje sett noko til han, bortsett frå spreidde tilfelle sør i Danmark og altså på Svalbard.
Remove ads
Livsløp
Dei vaksne parasittane bur i tynntarmen til hovudverten (rev eller hund). Egga deira går med avføring ut i naturen, der dei t.d. blir etne av mus. Deretter går dei via blodet til levra, der dei dannar cyster, som utviklar parasitt-larvar. Når så hovudverten et smågnagarane, kjem larvane inn i tynntarmen att, og utviklar seg til vaksne parasittar.
Konsekvensar for menneske
Menneske kan i teorien få egga i seg ved å ete bær eller sopp som reven har pissa på. Deretter går dei til menneska si lever, og føre til leversvikt (alveolar hydatid disease, AHD). Tidlegare rekna ein med ei levetid på høgst 10 år for AHD-pasientar, men med nyare medisin kan dei rekne med betre prognoser.
I Mellom-Europa er bortimot 60 % av revane smitta av Echinococcus multilocularis. Talet på faktiske sjukdomstilfelle i Europa er likevel lågt[1], og innsanka bær ei lite sannsynleg smittekjelde[2]. Trass i dette kan det ha sterkt negative konsekvensar for bærplukkings- og soppsankingskulturen som me kjenner han dersom smitta skulle kome til Noreg.
Remove ads
Risk for spreiing
Parasitten kan kome til Norden via tre vegar:
- Via ville dyr, slik som på Svalbard
- Via import av tamdyr, særleg hundar
- Via import av matvarar
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads