Edith Roger
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Edith Roger (29. mai 1922–24. februar 2023) var ein norsk dansar, koreograf og teaterinstruktør.
Liv og virke
Faren dreiv bilverkstad og familien flytta til Oslo der Edith lærte klassisk ballett hos Rita Tori (1908–1967) og under den andre verdskrigen litt fridans hos Gerd Kjølaas (1909–2000). Roger debuterte som dansar i 1945 hos Kjølaas, men hadde også eigne oppsetjingar i Stavanger dette frigjeringsåret og vart engasjert ved revyen Chat Noir. Deretter var ho ved den Birgit Cullberg-leia Svenska Dansteatern til 1948 då ho vart med i Ny Norsk Ballett. Frå 1958 var ho ved den nystarta Operaballetten på Den Norske Opera, der ho vart den fyrste[1] med avskjedsførestilling i den Kjølaas-koreograferte Markisen, oppført i oktober 1964.[2] Ho dansa vidare, og var Mor Åse i NRK-produksjonen over Birgit Cullbergs Peer Gynt-ballett i 1966.[3]
Roger er også kjend for virket sitt som koreograf, blant anna ved Festspillene i Bergen i 1958 og 1969. Frå 1967 til 1997 var ho instruktør ved Nationaltheatret, og vart omtala som ei fornyar av norsk regikunst.[4]
I 1985 vart Roger utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 2002 fekk hun Norsk kulturråds ærespris.
Remove ads
Prisar
- 1985 – Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden
- 2002 – Norsk kulturråds ærespris
- 2005 – Senter for Dansekunsts Ærespris
- 2010 – Heddas ærespris[5]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads