Edvard Langset

From Wikipedia, the free encyclopedia

Edvard Langset (9. mars 186712. mai 1924), òg kjend under pseudonymet «Ola Vonheim», var ein norsk forfattar, lærar og folkeminnesamlar. Frå 1917 var Langset statsstipendiat.

Kjappe fakta
Edvard Langset
PseudonymOla Vonheim
StatsborgarskapNoreg
Fødd9. mars 1867
Langset i Straumsnes
Død

12. mai 1924 (57 år)

YrkeForfattar, lærar
Lukk

Liv

Edvard Langset vart fødd i 1867 på Langset i Straumsnes (no i Tingvoll kommune) på Nordmøre av foreldra Eli Olsdotter Langset og Ole Gundersen Langset. Han vart gift med Marta Lyngstad, og dei fekk 3 born. Edvard Langset døydde den 12. mai 1924.

Verk

Edvard Langset tok lærarutdanning på Klæbu seminar 1889-91, og arbeidde deretter som lærar i Bjugn eitt eller to år, i Hemne 1893-1906, i Frei 1906-1916 og i heimbygda frå 1916. Han var elev på Askov folkehøjskole 1899-1900 og følgde førelesingar i folkeminnevitskap i åra etter.

Han var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917. Langset var ein aktiv forfattar og skribent og gav ut i alt 13 bøker i si levetid. I 1948, 24 år etter at han døydde kom bok nummer 14, basert på delar av det omfattande innsamlingsarbeidet han gjorde.

Langset var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917.

Verkliste

Forteljingar (romanar og noveller)

  • 1901 Fred paa jordi : forteljing. Fosna, 1901. (23 s.)[1]
  • 1902 Fem Kvinnor : Forteljingar Kristianssund : Tvedte, 1902. (95 s.)[2]
  • 1904 Ein Uppfinnar : Forteljing. Kristiansund : John Johnsen Bog- og Aksidenstrykkeri, 1904. (123 s.; «Romsdalsposten’s Følgeton»)[3]
  • 1908 Fridomsstrid : forteljingar. Fosna, 1908. (57 s.)[4]
  • 1908 Menneskjor : forteljing. Fosna, 1908. (209 s.)[5]
  • 1914 Far : forteljingar. Nidaros, 1914. (39+9 s.)[6]
  • 1923 Ola Vonheim (pseud.): Gamle minne : forteljingar. Fosna, 1923. (45 s.)[7]

Skodespel

  • 1905 Ein bondegut i Oslo : spelstykke. Fosna, 1905. (46 s.)[8]
  • 1908 Dronning Gyda : spelstykke i fire vendingar. Fosna : Marie Normanns efg., 1908. (134 s.)[9]
  • 1915 Ola Vonheim (pseud.): Naar kulturen skal bergast : spel i tri vendingar. Nidaros, 1915. (49 s.)[10]

Folkeminne

  • 1910 Fraa Nordmør : eventyr, segner og gamle lækjeraader. Fosna [Kristiansund] : Marie Normans eftf., 1910. (43 s.)[11]
  • 191518 Norsk folkedikting for born. Fosna : [E. Langset], 1915-1918. (2 hf.)[12]
  • 1921 Folke-eventyr fraa Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 4) Kristiania, 1921. (viii+64 s.)[13]
  • 1948 Segner, gåter, folketru frå Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 61) Oslo, 1948. (186 s.; red. av Reidar Th. Christiansen)[14]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.