Statsstipendiat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Statsstipendiat er ei norsk stilling som etter søknad og innstilling frå Kulturdepartementet blir tildelt av Stortinget i samband med ordskifet om årets statsbudsjett. Stipendet blir utbetalt til stipendiaten oppnår pensjonsalder, for tida 67 år (2005).

Statsstipend blir gjeve som støtte til personar innanfor tverrfaglege eller uvanlege arbeidsfelt som er samfunnsmessig viktig, spesielt personar som på grunn av arbeidsområdet eller manglande formell kompetanse ikkje så lett kan få stillingar ved vitskapelege institusjonar eller kulturinstitusjonar. Tildeling av statsstipend skal normalt skje på fagleg grunnlag etter tilråding frå ein eller fleire kompetente personar som kjenner bakgrunnen og verksemda til kandidaten. (Statsråd Valgerd S. Haugland i brev til Stortinget 10.12.2001)

På 1800-talet vart fleire personar tildelt statsstipend av Stortinget for ulike forskingsarbeid. Ivar Aasen er eit døme på dette. Slike statsstipend finst ikkje lenger, tilsvarande stipend blir delt ut av Norsk forskningsråd og andre institusjonar. Statsstipendordninga vart endra etter Stortinget si nye rolle frå 1884 av. Blant dei første statsstipendiatane i nyare tyding har vi t.d. etnografen Andreas M. Hansen 1908 og Frederik Macody Lund frå året etter. Frå nyare tid er eit kjent døme røyrleggjar Erling Johansen frå Østfold, han oppdaga som amatørarkeolog ei mengd nye helleristningar. Han vart utnemnd av Stortinget til statsstipendiat i 1950. Dagens statsstipend kan vi sjå på som ei støtte til uavhengig, fri verksemd for kultur, samfunn og vitskap.

Remove ads

Lønnsvilkår

Statsstipendiatordninga vart i løpet av 1999 grundig drøfta i Kulturdepartementet i samarbeid med Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet. Resultatet vart lagt fram i St.prp. nr. 1 (1999-2000) og Stortinget hadde ikkje merknader til opplegget. Det er utarbeidd retningsliner for ordninga. Stipendiatenes økonomiske kår vart betra ved at alle stipendiatane som var under pensjonsalder og som hadde hatt såkalla beløpstipend, vart overført til stipend tilsvarande l.tr. 33 på statens regulativ og innmeldt i Statens pensjonskasse. Vidare vart det bestemt at alle stipendiatane utom pensjonistane skal ha stipendbeløp som følgjer kode 1017 Stipendiat, eller i spesielle tilfelle kode 1378 Stipendiat, i statens lønnsplanar for å få del i den generelle lønnsutviklinga på regulativet. (Frå Kulturdepartementets budsjettproposisjon for 2001)

Remove ads

Liste over statsstipendiatar (2006)

År for utnemninga i parentes.

Utnemnd 2010-

Utnemnd 2000-2009

  • Tore Berg (2009)
  • Helgard Mahrdt, litteraturvitar og filosof (2009)
  • Tor Bomann-Larsen, forfattar og teiknar (2009)
  • Petter Ringen Johannessen, krigshistorikar, forfattar, lærar (2008)
  • Wenche Blomberg, bibliotekar, kriminolog, kulturarbeidar, forfattar (2008)
  • Hans Kristian Bukholm, film- og kulturvernarbeidar (2008)
  • Jan Knutzen, dokumentarfilmskapar og filmhistorikar (2008)
  • Ragnar Andersen, teolog (2005)
  • Aage Hauken, patar og forfattar (2005)
  • Åge Haavik, samlebokredaktør (permisjon frå ordninga) (2005)
  • Amy Lightfoot, kulturvernarbeidar (2005)
  • Arild Stubhaug, forfattar og biograf (2005)
  • Eystein Eggen, forfattar (2003)
  • Egil Kapstad, jazzmusikar (2003)
  • Else Rønnevig, bygningsvernentusiast (2003)
  • Solveig Bøhle, journalist (2002)
  • Torunn Ystaas, forfattar (2002)
  • Sverre Ødegaard, museumsarbeider frå Røros (2002)
  • Jon Fosse, forfattar og dramatikar (2001)
  • Else-Britt Nilsen, teolog og priorinne i Dominikanerordenen (2001)

Utnemnd 1990-1999

  • Sigmund Kvaløy Setreng, økofilosof og gardbrukar (1999)
  • Johannes Bergh, jazzhistorikar (1996)
  • Valerij Berkov, russisk-filolog (1996)
  • Sverre Dahl, omsetjar (1996)
  • Wera Sæther, forfattar (1996)
  • Jørund Gåsemyr, matematikar og handicapidrettsutøvar (1994)
  • Egil Sinding-Larsen, bygningshistorikar (1994)
  • Nils-Aksel Mjøs, teolog (1994)
  • Frank Bjerkholt, utenrikskorrespondent (1990)
  • Dagne Groven Myhren, litteraturprofessor, folketonesangar (1990)
  • Kjell Risvik, omsetjar (1990)
  • Frode J. Strømnes, professor i psykologi (1990)

Utnemnd 1980-1989

  • Knut Buen, folkemusikar, folkekunstformidlar (1989)
  • Olav Albert Christophersen, biolog, epidemolog (1989)
  • Ivar Eskeland, skribent og kåsør (1989)
  • Brynjulf Fosse, papir- og papyruskonservator (1989)
  • Karen-Christine Friele, forfattar og homoaktivist (1989)
  • Sven Nyhus, folkemusikar, professor (1989)
  • Finn Sollie, forsker innanfor sikkerhetspolitikk (1989)
  • Kåre Svebak, teolog, nord-norsk kirkehistorie (1989)
  • Knut Ødegård, forfattar (1989)
  • Erik Dammann, forfattar og miljøaktivist (1988)
  • Iver Jåks, biletkunstnar (1988)
  • Aleksander Kan, filolog (1988)
  • Kjell Bækkelund, musikar (1987)
  • Odd Eidem, forfattar (1987)
  • Pål Hougen, kunsthistorikar (1987)
  • Hans Lindkjølen, samehistorikar (1987)
  • Martin Nag, skribent, litteraturhistorikar (1987)
  • Ørnulf Hodne, folkeminneforskar (1986)
  • Georg Johannesen, forfattar, professor (1986)
  • Lillemor Johnsen, respirasjonsterapeut (1986)
  • Øistein Parmann, forfattar og forleggar (1986)
  • Bjørn Stabell, psykolog (1986)
  • Ulf Stabell, psykolog (1986)
  • Gidske Anderson, journalist, skribent (1985)
  • Fredrik Barth, sosialantropolog (1985)
  • Nils Ellingsgard, kulturvernar og -formidlar innanfor rosemåling (1985)
  • Helge Hognestad, teolog (1985)
  • Liv Dommersnes, skodespelar (1984)
  • Thor Heyerdahl, reisande, amatørarkeolog og -etnograf (1984)
  • Åge Rønning, forfattar (1984)
  • Olav Aspelund, sivilingeniør (1983)
  • Mentz Schulerud, forfattar, teatersjef og kåsør (1983)
  • Kjell Aartun, lingvist (1983)
  • John Brandrud, filolog, universitetsbibliotekar (1982)
  • Kari Elisabeth Børresen, idéhistorikar, kvinneteologihistorikar (1982)
  • Odd Solumsmoen, litteraturkritikar (1982)

Utnemnd 1970-1979

  • Otto Blehr, folkeminnesamlar (1978)
  • Halvard Grude Forfang, lærar (1978)
  • Peter Wessel Zapffe, filosof (1978)
  • Nils Hallan, historikar (1977)
  • Philip Houm, litteraturhistorikar (1977)
  • Anne Stine Ingstad, arkeolog (1977)
  • Per Bjørnstad, matematikar (1976)
  • Svein Ellingsen, salmediktar (1976)
  • Tønnes Sirevåg, skolemann (1976)
  • Hartvig W. Dannevig, sjøfartshistorikar (1974)
  • Edvard Ruud, forfattar og folkeminnesamlar (1974)
  • Hans J. Henriksen, samekonsulent (1973)
  • Gabriel Øidne, geograf (1973)
  • Henning Gran, kunsthistorikar (1972)
  • Else Christie Kielland, målar (1972)
  • Ragnar Ulstein, krigshistorikar (1972)

Utnemnd 1950-1969

Thumb
Just Qvigstad, Per Fokstad, H.J. Henriksen og Mikal Urheim fekk alle statsstipend for arbeidet sitt for samisk språk og utdanning
  • Sverre Hartmann, krigshistorikar (1968)
  • Otto Chr. Dahl, misjonshistorikar (1967)
  • Leif Jarmann Wilhelmsen, kulturbyråkrat (1967)
  • H.O. Christophersen, historikar (1965)
  • Nic. Stang, kunsthistorikar (1964)
  • Jeremi M.F. Wasiutynski, astronom (1964)
  • Yngvar Hauge, forfattar (1963)
  • Trygve Mathisen, forsker innanfor sikkerhetspolitikk (1963)
  • Arne Odd Johnsen, historikar (1958)
  • Nils A. Ytreberg, historikar (1958)
  • Kristian Kildal, målar (1956)
  • Axel Otto Normann, avismann, teatersjef (1955)
  • Sigmund Torsteinson, bevarer av Troldhaugen (1955)
  • Herman Leopoldus Løvenskiold, heraldikar (1952)
  • Magnus Olsen, namnegranskar (1952)

Utnemnd 1920-1949

Thumb
Seippel fekk statsstipend til arbeidet med den første nynorsk-Bibelen. Her Dorés bilete av Bergpreika
  • Axel Drolsum, bibliotekar (1922)
  • Albert Kjær, stedsnamngranskar (1922)
  • Matti Aikio, forfattar (1921)
  • Albert Joleik, lokalhistorikar, redaktør (1921)
  • Halfdan Arneberg, folkekunsthistorikar (1921)
  • Gerhard Gran, litteraturhistorikar (1920)
  • Just Qvigstad, samla samisk språk og folkeminne (1920)

Utnemnd 1876-1919

  • Torstein Høverstad, skolehistorikar (1916)
  • Andreas Aubert, kunsthistorikar (1895)
  • Jørgen Alexander Knudtzon, assyriolog (1894)
  • Wilhelmine Brandt, genealog (1893)
  • Johannes Belsheim, teolog (1880)
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads