Edward Gordon Craig
britisk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Edward Gordon Craig, opphavleg Edward Godwin og av og til berre kalla Gordon Craig (16. januar 1872–29. juli 1966), var ein britisk teaterreformator.
Craig var fødd i Stevenage i Hertfordshire som var son av skodespelaren Ellen Terry i eit utanomekteskapleg forhold til arkitekten Edward Godwin. Frå 17-årsalderen i 1889 jobba Craig som skodespelar. Han spelte mellom anna Hamlet i London i 1897. Året etter byrja han studera teikning og grafisk kunst, og frå 1900 lét han bildekunsten bli ein del av dei teaterreformatoriske aktivitetane sine som regissør. Craig gjekk inn for å frigjera teaterkunsten frå teksten, og fokusera på opplevinga av skodespelet, også lyd- og bildemessig. Den tidlege scenografiske teaterkunsten hans viste påverknad frå Adolphe Appia. Blant mange iscenesettingane Craig stod bak kan ein særleg merka seg Elektra (for Eleonora Duse i 1905). Duse hadde òg rolla som Rebecca West i Craig si oppsetjing av Ibsen sitt Rosmersholm i Firenze i 1906. Oppsetjinga av Hamlet i Moskva i 1911 blir òg sett på som verd å merka seg.
Craig spreidde ideane sine gjennom skrifter. Bland desse kan ein nemna On the art of theatre (1911), Towards a new theatre (1913), og dessutan The theatre advancing (1921). Frå 1908 var han òg redaktør og utgjevar av tidsskriftet The Mask.
Som bildekunstnar er Edward Gordon Craig representert ved mellom anna Nationalmuseum[1] i Stockholm.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads