Eelco Sintnicolaas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eelco Sintnicolaas (fødd 7. april 1987) er ein nederlandsk mangekjempar frå Dordrecht som vann sølvmedaljen i tikampen under europameisterskapen 2010.
Remove ads
Aktiv
Sintnicolaas sanka 8 052 poeng då han i 2009 tikamp-debuterte i Götzis-stemnet. Året etter flytta han den personlege rekorden til 8 159 poeng, også det i Götzis. Under europameisterskapen 2010 i Barcelona forbetra han seg kraftig og vann sølvmedaljen med 8 436 poeng, einast 17 poeng attom vinnaren.
Våren 2012 kom Sintnicolaas på andreplass i Götzis-stemnet og presterte personbeste med 8 506 poeng. I mars 2013 vann han sjukampen då Innandørs-EM fann stad i Göteborg. Etter å ha vorte fjerdemann ved EM 2014 var Sintnicolaas mykje plaga av skadar og makta sjeldan å fullføre ein tikamp-serie.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2009 i Berlin: Braut etter fire øvingar
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 8 436 poeng, bakom Romain Barras (8 453 p)
- VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 8 298 poeng
- OL 2012 i London: Nr 11 – 8 034 poeng
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 8 391 poeng
- EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 8 478 poeng
- VM 2015 i Beijing: Braut etter sju øvingar
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 16 – 7 025 poeng
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Braut etter fyrste øvinga
- VM 2017 i London: Braut etter sju øvingar
- EM 2018 i Berlin: Braut etter fire øvingar
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eelco Sintnicolaas» frå Wikipedia på tysk, den 17. juli 2020.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads