Egilsay

From Wikipedia, the free encyclopedia

Egilsaymap
Remove ads

Egilsay er ei øy i Orknøyane i Skottland, aust for Rousay. Øya er stort sett jordbruksland og er kjend for åkerriksene som held til her.

Thumb
Egilsay sett frå Rousay med St Magnus Church i bakgrunnen
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Remove ads

St. Magnus Church

Det har vore foreslått at namnet på øya delvis kjem frå eit gammalt gælisk namn, noko som er særs uvanleg for Northern Isles.[1][2]. Ved første augekast ser det ut til å tyde Egilsøy etter namnet Egil. Det gæliske namnet eaglais tyder «kyrkje» og kan vere ein del av namnet, sidan øya er dominert av ei kyrkje som første gong vart bygt i tida før vikingtida. Øya Kili Holm like nord for Egilsay kan kome av cille, som er ei munkecelle.

Sjølve kyrkja har ei særs uvanleg form som eit irsk rundtårn, som igjen er sjeldan å sjå i Skottland og unik på Orknøyane. Bygningen er utan tak og tårnet er noko avkappa, men elles komplett. Det vert vedlikehalda av Historic Scotland som eit Ancient Monument.

Egilsay var staden der Magnus Orknøyjarl vart drepen i 1117. Kyrkja er tileigna han, men er truleg langt eldre.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads