Eight Miles High av Golden Earring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eight Miles High er det femte studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1969. Det var det første albumet dei gav ut med det nye namnet Golden Earring (tidlegare Golden Earrings) og det einaste albumet deira med trommeslagaren Sieb Warner.
Tittelsporet på albumet, «Eight Miles High», er ein song av The Byrds frå 1966. Denne er drege ut til 19 minuttar og tar opp heile side to av plata. På somme konsertar i USA kunne denne songen vere heile 45 minuttar lang. Det er uansett det lengste sporet Golden Earring gav ut. Musikalsk er plata prega av acid rock og psykedelisk rock. Songen «Song of a Devil's Servant» var alt gjeve ut på føregangaren On the Double (1969), men har her ei meir psykedelisk kjensle.
Albumet vart spelt inn i løpet av fem dagar i Olympic Studio i London.
Remove ads
Innhald
Alle songane er skrivne av Kooymans utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
- George Kooymans – gitar, vokal
- Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument
- Barry Hay – fløyte, rytmegitar, vokal
- Sieb Warner – perkusjon, trommer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads