Golden Earring av Golden Earring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Golden Earring er det sjette studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1970. Fansen har ofte omtalt det som Wall of Dolls etter biletet på framsida av omslaget. Dette er det første Golden Earring-albumet med trommeslagaren Cesar Zuiderwijk som medlem. Alle dei fire medlemmane som var med i bandet på denne tida er framleis medlemmar i bandet.
Gruppa gjekk her mot ein post-psykedelisk FM-rock med eit markant element av hardrock. Fleire av songane har atmosfæren og dei utførlege arrangementa ein assosierer med progressiv rock men likevel med nokså stramme arrangement og utan særleg lange songar.[1]. Fleire av songane, som «Big Tree, Blue Sea» har fløyte og stil som kan minne om Jethro Tull[1].
Singelen «Back Home» vart ein av dei største hittane deira i heimlandet Nederland. Hausten 1970 låg albumet på toppen av den nederlandske albumlista i seks veker. I Japan vart albumet gjeve ut med tittelen Back Home, og eit anna plateomslag.[2]
Remove ads
Mottaking
Allmusic var lunken til albumet og skreiv: «Det største problemet for gruppa på dette stadiet er tekstane: 'I'm Gonna Send My Pigeons to the Sky' er eit ærleg, men sløvt forsøk på ein protestsong som ikkje seier noko særleg i det heile tatt og dei mektige riffa på 'The Loner' vert oppvegd av ein teikneserieaktig og melodromatisk tekst. Den sterke musikken og dei dugande musikarane veg dels opp for dette problemet og Golden Earring er framleis eit stramt, melodiøst album som er verdt tida til ein kvar Golden Earring-fan.»[1]
Remove ads
Innhald
Alle songane er skrivne av Kooymans utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
- George Kooymans – gitar, vokal
- Rinus Gerritsen – bassgitar, klaverinstrument
- Barry Hay – fløyte, vokal, saksofon
- Cesar Zuiderwijk – trommer
Teknisk
- Produsent: Fred Haayen
- Lydteknikar: Albert Kos
- Fotografi: Claude Van Heye
- Design: Ron Seubert
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads