Eika

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eika
Remove ads

Eika er ei øy i Ulstein kommuneSunnmøre. Ho har eit eit flatemål på om lag 2,4 kvadratkilometer.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Thumb
Eiksundbrua sett frå Eika
Thumb
Eiksundtunnelen sett frå Eika

Øya er relativt lang og smal, om lag 3,8 km lang og om lag 1,1 km brei på det breidaste. Omkretsen (kystlina) er om lag 11 km.

Eika ligg sør for Hareidlandet, skilt frå Hareidlandet med Eiksundet og Selvågdjupet. Nordaustover frå øya ligg Vartdalsfjorden som går over til Rovdefjorden vest for øya. Eika ligg også nord for utlaupet til Voldsfjorden og nordvest for utlaupet til Ørstafjorden. På vestsida av øya ligg Gurskøya, og leia nordover mot det tronge Dragsundet mellom Gurskøya og Hareidlandet.

Om lag 300 m sør for Eika ligg den 0,8 km2 store Yksnøya i Volda kommune

Eika fekk brusamband over den 405 m lange Eiksundbrua til EiksundHareidlandet i samband med utbygginga av Eiksundsambandet, ein del av Fylkesveg 653. Den 7765 m lange Eiksundtunellen går frå Eika til Sørheim i Ørsta. Sambandet vart offisielt opna 23. februar 2008.

Det er fleire gardar på Eika, men ingen i drift no. Øya har berre nokre få fast busette.

Frå 1837 var Eika saman med Eiksund ein del av Herøy kommune. Den 1. januar 1964 vart Eika og Eiksund flytta til Ulstein kommune. Eika og Eiksund hadde då 222 innbyggjarar til saman. [1]

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3]
17 63
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads